Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Comparative Politics and Bogaziçi (Bosphorus) University

  • CountryTurkey
  • TownBebek/Istanbul
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Bogazici University blei grunnlagt i Istanbul i 1863, som den første amerikanske institusjonen for høgare utdanning utanfor USA. Universitetet har stadig sterke band til det amerikanske utdanningssystemet, og all undervisinga blir gitt på engelsk. Dette er eit av dei mest prestisjetunge universiteta i Tyrkia. Dei 12 400 studentane er fordelte på seks fakultet og seks campusar. Dei to største campusane ligg sentralt plasserte langs breidda av Bosporossundet i Istanbul.

Istanbul er den femte største byen i verda, med nær 14,5 millionar innbyggarar. Denne byen, som lenge var kjent som Konstantinopel, har spela ei særs viktig historisk rolle. Blant anna har han vore hovudsete for fire store imperium: Romarriket, Austromarriket, Det latinske riket og Det osmanske riket. Byen ligg nordvest i Tyrkia, på begge sider av Bosporos, som skil Europa og Asia.

Accommodation

Universitetet har fleire studentbustader i Istanbul, og tilbyr internasjonale studentar innkvartering på den privateigde studentheimen Superdorm i bydelen Etiler. Her finst hovudsakleg dobbelrom eller trippelrom, som ein deler med andre studentar.

Semester duration

September - desember og februar - mai.

Flott bygning
Photo:
© Bogaziçi Üniversitesi

Information