Home
Student Pages
erasmus+

Niederrhein University of Applied Sciences and Department of Design (ERASMUS+)

  • CountryGermany
  • TownKrefeld
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Hochschule Niederrhein er eit av dei største og topp-presterande universiteta i Tyskland. Universitetet vart grunnlagt i 1971 og har omlag 14 200 studentar fordelt på ti fakultet. Universitetet har to campus, Krefeld og Mönchengladbach. På campus Krefeld finn ein fakulteta for elektroteknikk og informatikk, maskin- og prosessteknikk, kjemi og design. Niederrhein har omlag 80 bachelor- og masterstudiar.

Krefeld er ein by i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 240 000 innbyggarar. Byen ligg 15 km nordvest for Düsseldorf. Krefeld var ein viktig hamne- og industriby, frå gammalt av sentrum for tysk silke- og fløyelsindustri. På grunn av den økonomiske fortida si blir Krefeld ofte referert til som "Velvet and Silk City". Byen blir omtalt som ein av dei grønaste byane i Tyskland, med skog og attraktive parkanlegg som tidlegare var hagane til Krefeld-silkebaronane.

Information