
Korleis er det mogleg at diktatoren Josef Stalin hamna på andreplass i ei kåring av den største russaren gjennom tidene, så vidt slått av den veike tsaren Nikolaj II? Kvifor er det hipt å bruke latinske bokstavar i russisk internettspråk og tekstmeldingar? Korleis klarar eit språk seg utan artiklar?
Fagkoordinator: Ingunn Lunde
Studieveileder: Gita Pattanaik Rongevær
Eksamenskonsulent: Gita Pattanaik Rongevær
Russland er det største nabolandet vårt, men trass i det er det få som har innsikt i russisk kultur og snakkar språket. Russisk er eit verdsspråk med 140 millionar morsmålsbrukarar både i og utanfor Russland. Det er og eit viktig kommunikasjonsspråk for over 100 millionar menneske i mange land i Aust-Europa og Asia.
Eit studium i russisk vil opne dører til ein rik og interessant kultur, og russisk er eit språk vi vil få meir bruk for etter kvart som samarbeidet med Russland aukar. Det treårige bachelorstudiet gir deg basisdugleik i russisk og kunnskap om russisk språk, litteratur og kultur og inneheld emne innan grammatikk og språkvitskap, praktisk språkbruk, omsetjing, litteratur og kultur. Det vert tilbydd studieopphald ved Universitet i Petrozavodsk. Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i russisk, som opnar for ei spesialisering i russisk litteratur, kultur eller språk.
Studiet gir kompetanse som er sentrale i yrker innanfor journalistikk, diplomati, forlagsbransjen, internasjonale organisasjonar og næringsliv.