Hjem
Barnevern, likeverd og inkludering
Nyhet

Tannlegar og tannpleiarar avdekkjer omsorgssvikt

Offentleg tannhelsepersonell har lovpålagt meldeplikt til barnevernet. Den første landsdekkande undersøkinga på feltet viser at dei er flinke til å melde frå.

Oral helse
Ei god oral helse er viktig for barn si utvikling.
Foto/ill.:
Gitte Boge

Hovedinnhold

Somme barn kjem ikkje til tannlegen sjølv om dei har vore kalla inn og kontakta  gong på gong. Om tannhelsepersonell er uroa for barnet si orale helse skal saka meldast til barnevernet. Det same gjeld når tannlegen eller tannpleiaren ser skadar i munnhola som gir grunn til uro eller andre forhold som gjev mistanke om at eit barn er utsett for omsorgssvikt.

– Offentleg tannhelsepersonell er ein viktig del av barn og unge sitt sikkerheitsnett fordi dei kan oppdage omsorgssvikt andre ikkje ser. Dei kan òg gi ny informasjon i saker som allereie er meldt inn av legar og andre, seier Ingfrid Vaksdal Brattabø, Ph.D.-stipendiat ved Universitetet i Bergen og Tannhelsetjenestens kompetansesenter vest/Hordaland.

Som ein del av doktorgradsarbeidet sitt har Brattabø undersøkt korleis offentleg tannhelsepersonell følgjer opp meldeplikta. Dette er den første landsdekkande undersøkinga av meldeplikta, og no er dei første resultata publiserte i ein artikkel i tidsskriftet Acta Odontologica Scandinavica.

Flinke til å melde frå i Noreg

Studien bygger på eit elektronisk spørjeskjema som er fylt ut av 1200 tannlegar og tannpleiarar i den offentlege tannhelsetenesta i 18 fylke.  Heile 60 prosent svarer at dei har erfaring med å melde mistanke om omsorgsvikt til barnevernet. Dei hadde i gjennomsnitt sendt 3,6 meldingar kvar.

– Dette er høge tal når ein ser på studiar av tannhelsepersonell i andre land. Norsk tannhelsepersonell tek det utvida ansvaret sitt for barna på alvor, seier Brattabø.

Brattabø fortel òg at det var vore auka fokus på meldeplikta blant tannhelsepersonell i form av  informasjon og opplæring i tenestene og ved utdanningsinstitusjonar

Meldeplikta er utfordrande
Undersøkinga fortel og at det ikkje er lett å ta avgjerda om å melde ei sak til barnevernet. Ein tredel av tannhelsepersonellet svarer at dei har hatt ei eller fleire sakar der dei ikkje har meldt frå, sjølv om dei mistenkte omsorgssvikt.

– Me set pris på at tannlegane og tannpleiarane er så ærlege i undersøkinga. Då veit me at arbeidet med god informasjon må halde fram, og gjerne styrkast. Eg forstår at det kan vere vanskeleg å melde frå, men ein kan ikkje la vere når ein har ei plikt til å varsle om utsette born, seier Brattabø.

Tannhelsepersonell under 40 år melder mest
Studien syner også at tannhelsepersonell under 40 år sender fleire bekymringsmeldingar enn sine eldre kollegaer. Det er også skilnader mellom by og land, tannhelsepersonell i små kommunar med 10.000 eller færre innbyggjarar sende færre bekymringsmeldingar enn sine kollegaer i større kommunar.

Fleire funn frå studien er tilgjengeleg i den fagfellevurderte artikkelen Experience with suspecting child maltreatment in the Norwegian public dental health services, a national survey

Artikkelen er skriven av forskarar frå forskingsgruppa BLI og HEMIL-senteret UiB, Tannhelsetjenestens kompetansesenter vest/Hordaland og Institutt for klinisk odontologi, UiB:
Ingfrid Vaksdal Brattabø, Anette Christine Iversen, Anne Nordrehaug Åstrøm og Ragnhild Bjørknes.

 

Les saken på Aftenposten