Hjem

Praxeologi

Bok: Praxeologisk sygepleievi

Forskargruppa Praxeologi arbeidar spesifikt med human- og samfunnsvitskaplege metodologiske refleksjonar og verktøy, og studerer den reproduktive sektoren generelt, og pleie -, omsorgs - og medisinske praksisar spesielt.

Ambisjonen er utvikling/ konstruksjon av stringente og metodisk transparente omgrep som kan skapa ny innsikt og  hjelpe oss til på ein betre måte å forstå og forklare den sosiale praktikk som vi agerar innafor. På den bakgrunn kan ein skape rom for at forskarar (sosio-analyse) og praktikarar (refleksivt) kan utvikle nye strategiar for alternative framtidige praktikkar.

Leiar av forskargruppa: Karin Anna Petersen

Foredrag
Illustrasjonsbilete: Publikum lyttar til forelesing.

Video-foredrag av Staf Callewaert

Prof em. Staf Callewaert, Köpenhamns universitet foreleser om Pierre Bourdieus praxeologi ved ETHOS-nettverkets konferanse 22-23 november 2012, Blåsenhus, Uppsala Universitet. Se video fra forelesningene.

Artikkel
Screenshot av artikkel

-Helsevesenet detaljstyres utenfra

Ny artikkel i Sykepleien.

Nyheter
Nurses looking at apparatus

Bachelor i sykepleie må få ny rammeplan

I rammeplanen for bachelor i sykepleie er det ikke rom for teoretisk undervisning om sykepleie som et eget, selvstendig vitenskapsfag.

Praxeologi vert definert som empiriske og teoretiske studiar av sosiale praktikker. Ein praktikk kan definerast som ”det den einskilde av oss gjer”. All praktikk vert utøvd innan ein kontekst. Denne konteksten omtaler vi som; praksis. Sosiale praktikkar kan difor undersøkast ved å studera dei i dei praksisar dei er ein del av.

Gjennom praxeologiske studiar prøver ein å forklare og forstå kvardagslege problemstillingar på ein kritisk måte. Å vera kritisk inneber distansering og objektivering av det som vert utforska. Praxeologisk metode byr på nokre reiskapar som kan brukast til å forstå og forklara avgrensa kvardagslege problemstillingar. Kunnskap som slike studiar genererar kan praktikarar sjølv velje om ein vil  anvende i sin eigen praktikk på nye og kanskje meir reflekterte måtar.