Hjem
Forskergruppe for strafferett og straffeprosess
E-tidsskrift

Bergen Journal of Criminal Law & Criminal Justice

E-tidsskrift om strafferettsforsking.

skjermdump av elektronisk tidsskrift
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Bergen Journal of Criminal Law & Criminal Justice (BJCLCJ) er eit fagfellevurdert e-tidsskrift med open access. Tidsskriftet vart etablert i 2013 av professor Jørn Jacobsen og postdoktor Annika Suominen.


Målet med tidsskriftet er å gjere nordisk strafferettsforsking tilgjengeleg for eit internasjonal publikum og gjere det mogleg for internasjonal forsking å samhandle med eit nordisk publikum.


Tidsskriftet fokuserer på følgjande tema:

  • Materiell strafferett
  • Straffeprosess
  • EU- og internasjonal strafferett
  • Samanliknande strafferett
  • Strafferettshistorie
  • Strafferettsteori
  • Kriminologi og andre tverrfaglege perspektiv


Tidsskriftet publiserer i hovudssak bidrag på engelsk, men tekstar på tysk eller nordiske språk kan òg bli godtekne.