Hjem
Institutt for geovitenskap

Sub-glasiale innsjøar på Nordfonna

Dette masterprosjektet var gitt til Tiril Eiken som startet på masterprogrammet i geovitenskap, høsten 2025. Masterprosjektet tilhører forskningsgruppen Kvartærgeologi og Paleoklima.

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse


Bakgrunn og målsetjing:

Som følgje av den pågåande tilbakesmeltinga av Nordfonna har det dukka opp ein ny innsjø ovanfor Måge i Hardanger. Denne innsjøen ligg delvis under breen og representerer eit potensielt geofareelement, spesielt med tanke på jøkullaup og andre former for oppdemming. Prosjektet har som mål å kartlegge innsjøens volum og vurdere geofarepotensialet knytt til vidare smelting og mogeleg bredemming.

Forskningsspørsmål:

Er det mogeleg å volumberekne innsjøer som kjem fram under breen?
Kan ein seie noko om geofarepotensialet når breen smeltar vidare?
Er det fare for jøkullaup som følgje av bredemming eller annan type oppdemming?

Metodikk:

Isradar: Det vil bli nytta isradar med ulike frekvensar for å kartlegge landskapet under isen. Dette vil gi innsikt i topografien og mogelege barrierar som kan føre til oppdemming. Kartlegginga vil byggje vidare på data frå 2008, men med meir detaljert oppløysing.
Lidar-skanning frå drone: Overflateskanning med Lidar vil bli gjennomført for å kvantifisere smelting og endringar i breoverflata. Dette vil også bidra til å modellere innsjøens utvikling over tid.
Geofareanalyse: Basert på innsamla data vil det bli gjort vurderingar av mogelege scenarier for jøkullaup og andre geofarer, inkludert modellering av vassmengder og mogelege flaumvegar.

Forventa resultat:

Prosjektet vil gi ny kunnskap om korleis innsjøer under breen utviklar seg og kva risiko dei kan representere. Det vil også bidra med metodiske framsteg innan bruk av isradar og Lidar i geofarekartlegging.

Relevans:
Prosjektet har stor relevans for lokalsamfunnet i Hardanger, spesielt for beredskap og arealplanlegging. Det vil også bidra til forsking på klimaendringar og bretilbaketrekking i norske fjellområde.

 

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)

GEOV300, GEOV336, GEOV230, GEOV322, GEOV324, GEOV217, GEOV204, GEOV298

 

Felt- lab- og analysearbeid / Field-, lab- and analysis work

Feltarbeidet vil bli gjennomført både vinter og sommar for å fange opp ulike stadier av breens utvikling og innsjøens eksponering. Den viktigaste kartlegginga med isradar vil skje i mars 2026, når breen er vinterstabil og tilgangen med snøscooter er god. Radarmålingane vil bli utført med ulike frekvensar for å oppnå både djupinnsikt og høg oppløysing av landskapet under isen. Dette vil gi eit detaljert bilete av innsjøens form og mogelege barrierar som kan føre til oppdemming. Om sommaren vil det bli gjennomført droneflygingar med Lidar for å skanne breoverflata og kvantifisere smelting.
Kombinasjonen av vinter- og sommarinnsamling gir eit heilskapleg datagrunnlag for å forstå dynamikken i området og utviklinga av innsjøen. Det vil være behov for om lag eit halvt år med data prosessering av isradar data og drone data. Alle innsamla data vil bli gjort tilgjengelege gjennom NVEs breatlas og tilrettelagt som DOI-registrerte datasett for vidare forsking og bruk. Prosjektet vil også bli formidla gjennom Folgefonnsenteret, med mål om å nå både fagmiljø og allment publikum.