Hjem
Institutt for geografi
Masterprosjekt

Nye masterprosjekt i geografi

Like før jul presenterte 22 masterstudentar i geografi masterprosjekta sine og signerte rettleiaravtalar ved Institutt for geografi.

Masterstudentar
Jan Hakim Benhabiles, Magnus Finsnes Henriken, Carsten Bugge, Mikal Christoffersen Haugen og Malene Utkilen er klare for å signere kontraktar for sine masterprosjekt innanfor økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging.

Hovedinnhold

Med innlevering, presentasjon og signering var emnet GEO310 Skrivekurs og prosjektskildring fullført. Men det starta i august.

Flygande start

Nye kull med masterstudentar i geografi får som som vanleg ein ganske brå start i august. Masteransvarleg Peter Andersen køyrer eit intensivt to-vekers skrivekurs like etter semesterstart. Alt etter første veka må studentane levere eit tankeark om masterprosjekt som har til mål å utvikle tema, vinkling og argument. Etter andre veka vidareutviklar dei dette til ei prosjektskisse med problemstilling og viktige referansar.

- Filosofien bak denne arbeidsforma er «læring gjennom skriving». Sjølv om ein del studentar i første omgang opplever det noko sjokkarta å skulle formulere eit mål med oppgåva dei første to vekene, er vår erfaring at denne kick-starten er viktig for å ta vidare val og avgrense oppgåva – og bli ferdig til normert tid, seier Peter Andersen.   

Etter denne starten har studentane tid til å utvikla prosjektet sitt fram mot innleveringa av prosjektskildring 1. desember. På prosjektseminara i desember presenterer alle sine prosjekt og får tilbakemeldingar frå rettleiar, opponent og medstudentar.

Godkjente masterprosjekt

Er prosjektet forskbart og godkjent, blir rettleiaravtalar signert. Her er oversikten over godkjente nye masterprosjekt.

Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

  • Jan Hakim Benhabiles: Bygeografisk studie av planprosesser i Lyon med et nærmere fokus på byfornyelse (urban rejuvination).
  • Carsten Bugge: Funksjonelle salg som grønn strategi i det norske næringslivet - omfang, muligheter og utfordringer.
  • Tarjei Vrenne Domben: Energiomstilling på Svalbard.
  • Nils-Bjørnar Flatlandsmo: Infrastruktur og stedsutvikling.
  • Mikal Christoffersen Haugen: Mobiliseringsprosesser i regional utvikling.
  • Magnus Finsnes Henriksen: Blande kommersielt og hjemlig rom; Å bo på Horistont.
  • Lars Petter Klem: Planprosessen i utviklingen av miljøgaten Torggata, Oslo.
  • Oda Steen Sofienlund: Opplevde barrierer i klimatilpasningsarbeid i Hordaland: en studie av prosjektet Hordaklim.
  • Malene Utkilen: Byggevareindustrien og det grønne skiftet.

Utviklingsgeografi

  • Anna Dybwad Alstad: Gender, agriculture and decisionmaking in Ghana.
  • Mareike Mannigel: Food aid in Guatemala.

Miljø- og landskapsgeografi

  • Kristian W. Haaland: Kulturlandskap i endring. Vegetasjonsendringer og økologisk tilstand ved gården Almås i Åsane.
  • Ole Martin Nuven: Vegetasjonsendringer og økologisk tilstand i Haukåsvatnet, Kipevatnet og tilgrensende områder.

Naturgeografi

  • Katrine Eliassen: Rekonstruksjon av den norske kyststrøm basert på Artica Islandica.
  • Line Haukandes: Risiko- og sårbarheitsanalyse av eit reservevassverk på Voss.
  • Ole Even Heggset: Kartlegging av Oppsalgrotta og overflatekarst for å utarbeide en dannelsesmodell for grotta.
  • Mattew Jenkin: Holocene galcier/climate fluctuations, Sulitjelmaisen.
  • Marte Ramstad: Glombreens bre- og klima historie i yngre dryas og tidlig holocen i Neverdal, Glomfjord.
  • Berit Soldal: Hydrogeologiske undersøkelser av Stampa-området og videre kartlegging mot Høgsete.
  • Håkon Tufteland: Rekonstruksjon av flomhistorie. En studie av innsjøsedimenter fra Lønavatnet på Voss.
  • Ida Elisabeth Veldman: Geofarer på militære øvingsområder: Bardufoss/Setermoen.
  • Sigrid Vetti: Glombreens holocene bre- og klimahistorie i Selstaddelen, Glomfjord.

Vidare framdrift

Utover våren skal masterstudentane halde fram med kursdelen i masterprogrammet og ta teori- og metodekurs som er relevante for studieretningane sine. Nokre gjer dette her på instituttet, medan andre er på utveksling ved samarbeidsuniversitet i Tyskland, Sverige, Wales og på Island. Og mange av naturgeografane skal ta eit kurs ved Universitetssenteretet på Svalbard (UNIS) i vår.

Gjennom ei semesteroppgåve skal dei halda fokus på prosjektet sitt utover våren og førebu seg til feltarbeid. Dei skal ha presentasjonar av både før og etter feltarbeidet. Neste studieår er via til skriving av masteroppgåva.

Lykke til med spennande masterprosjekt!