Hjem
Institutt for geografi
Veiledning masteroppgave

Ragnhild Overå som veileder

Professor Ragnhild Overå rettleiar masteroppgåver i samfunnsgeografi.

Neste
Fotballbane
Foto/ill.:
Ragnhild Overå
1/5
Urbaninsering
Foto/ill.:
Ragnhild Overå
2/5
bustadbygging
Foto/ill.:
Ragnhild Overå
3/5
Boligområde
Foto/ill.:
Ragnhild Overå
4/5
Fish marked
Foto/ill.:
Ragnhild Overå
5/5
Tilbake

Hovedinnhold

Fagleg interessefelt

Eg forskar på tema som kjønn, entreprenørskap, uformell økonomi, matsikkerheit, matsystem, fiskeri, landkonflikter, oljeindustri, naturressursforvalting, politisk økologi, migrasjon og berekraftig utvikling.

Masteroppgåva eg sjølv skreiv for mange år sidan handla om den viktige rolla kvinner spelar i Ghana sitt kystfiske, som fiskehandlarar men også gjennom å gi lån til fiskarar eller bli båteigarar sjølve. Masterprosjektet vart utgangspunkt for å vidareutvikle forskingsidéar om ulike sosiale, økonomiske og miljømessige problemstillingar i Ghana og i det sørlege og austlege Afrika (Zambia, Uganda, Tanzania, Kenya og Sør-Afrika). Her kan du sjå nærare på kva eg forskar på no for tida.

Eg likar å diskutere og utvikle studentane sine eigne idéar og har rettleia masterprosjekt innanfor mange tema og område: Oversikt over oppgåver rettleia av Ragnhild Overå.

Forslag til tema for nye masterprosjekt

Som du ser er problemstillingane ganske opne og kan vere relevante i ulike geografiske kontekstar og land:

  • Korleis påverkar satsinga på ‘den blå økonomien’ (ressursutvinning og industriutvikling i havet og kystsona) kystsamfunn? Aktuelt her kan vere utvinning av olje/gass/mineral, turisme, vindmøller, havbruk, industrifiske, marine verneområde, utbygging av hamner, osb.
  • Korleis formar kjønnsroller og maktforhold naturressursforvalting? Det handlar ofte om at kvinner har lite medverknad og påverknad i mannsdominerte sektorar (som t.d. fiskeri), men ein slik studie kan også handle om eksempel på at kvinner har fått påverknadskraft. Gjer det ein forskjell?
  • Kva roller har kvinner i fiskeri, kva er kjønnsbarrierene for deltaking og karriereutvikling, og korleis kan inkludering av kvinner bidra til berekraftige fiskeri og kystsamfunn? Myndigheitene i Noreg arbeider for tida med strategiar for likestilling i fiskerinæringa, som ville vere svært interessant å studere. Men problemstillinga er relevant i mest alle verdas fiskeri.
  • Kva er årsakene til matsvinn i matvarekjeder (basert på jordbruks- eller fiskeprodukt) og korleis kan matsystem bli meir berekraftige?
  • Kva rolle spelar lokale produsentar i matforsyninga til skulematprogram? Korleis kan skulematprogram bidra til å styrke levebrød og matsikkerheit?
  • Korleis kan byplanlegginga inkludere fattige og marginaliserte grupper for å oppnå ei meir berekraftig urban utvikling?

Kontakt

Om du vil diskutere dine idé(ar) til masterprosjekt kan du skrive ein e-post (ragnhild.overa@uib.no), så avtalar vi eit tidspunkt.