Hjem
Institutt for geografi
PhD-kurs

Nytt PhD-kurs i kvalitativ metode

Institutt for geografi arrangerer dette vårsemesteret eit PhD-kurs i kvalitativ metode. Kurset har tittelen "The Production and Interpretation of Qualitative Data" med Tor Halfdan Aase som kursansvarleg.

Kursansvarleg Tor Halfdan Aase saman med Bradley Walters og Gianpietro Gobo.
Foto/ill.:
Tarje Wanvik

Hovedinnhold

Kurset er ein del av tilbodet til den NFR-finansierte forskarskolen i geografi som vart oppretta i 2012. Norwegian Researcher School in Geography (NRSG) er eit nettverk av geografimiljøa ved Norges tekninsk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Oslo (UiO). Over ein periode på fem år skal det arrangerast PhD-kurs der dei tre fagmiljøa har fordelt ansvaret for dei ulike kursa slik:

  • UiB: Kvalititativ metode
  • UiO: Kvantitativ metode
  • NTNU: Nyare teori 

Til det første kurset i kvalitativ metode har nettverket rektruttert deltakakarar frå alle dei tre universiteta. Dei fleste er geografar, men det er også deltkararar frå andre samfunnsvitskaplege fag.

- Primært er kurset retta inn mot geografiske tema, men som kursleiar ser eg det som eit ekstra pluss med deltakarar også frå andre fagfelt, seier Tor Halfdan Aase.

14 PhD-studentar deltok på den første delen av kurset i Bergen. Neste del skjer på Voss i mars. Tarje I. Wanvik var ein av deltakarane på kurset. Han meiner kurset så langt har gitt deltakarane utvida kunnskap om ulike metodar, presentert av utmerka og anerkjente foredragshaldarar frå heile verda.

- Eg trur vi alle er ganske utmatta og metta med informasjon, men på ein god måte. No ser vi fram til arbeidsseminaret på Voss, der vi skal gå vidare inn på delar av metodikken som er relevant for vår PhD-forsking, og produsere nokre gode essay, seier Tarje I . Wanvik.

Alle fagmiljøa i nettverket bidrar med postar på programmet. I tillegg har kursansvarleg fått inn tre eksterne bidragsytarar. På den første delen i Bergen deltok desse:

  • Anders Vassenden, seniorforsker ved International Research Institute Stavanger (IRIS)
  • Håvard Haarstad, postdoktor ved Institutt for geografi, UiB
  • Gianpietro Gobo, professor ved Dipartimento di Scienze Sociali e Politiche Facoltà di Scienze Politiche, Università degli Studi di Milano, Italia
  • Elin Sæter, postdoktor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO
  • Bradley Walters, professor og koordinator for Environmental Studies, Mount Allison University, Canada
  • Cathrine Brun, førsteamanuensis ved Geografisk institutt, NTNU
  • Karoline Daugstad, førsteamanuensis ved Geografisk institutt, NTNU
  • Arnt Fløysand, professor ved Institutt for geografi, UiB
  • David Jorhus Lier, ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO
  • Tor Halfdan Aase, professor ved Institutt for geografi, UiB