Hjem
Institutt for politikk og forvaltning
NY BOK

Barnehagen i et implementeringsperspektiv

Kjetil Børhaug og Hanne Kvilhaugsvik har bidratt i ny bok om rammeplan for barnehagen.

Screenshot of the book cover.
Foto/ill.:
Fagbokforlaget.

Hovedinnhold

Den nye antologien undersøker korleis rammeplan for barnehagen frå 2017 verkar i barnehagen og i barnehagefeltet, gjennom ulike metodar og eit breitt omfang kjelder. Boka undersøker korleis barnehagemyndigheiter, barnehageeigarar, tilsette og andre aktørar forstår mål og intensjonar med den nye rammeplanen, og korleis dei erfarer å ta han i bruk. Vidare undersøker boka korleis desse aktørane nyttar rammeplanen, ved å undersøka nokre utvalde område: fagområda i barnehagen, progresjon som arbeidsmåte, samiske perspektiv, og overgangar. Boka tar også for seg endringar i eigarrolla og kommunane si rolle som tilsynsmyndigheit.

Boka er basert på evalueringa av implementering av rammeplan for barnehagen, som er eit større forskingsprosjekt gjennomført av forskarar ved NORCE Samfunn i samarbeid med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Anne Homme (NORCE), Hilde Danielsen (NORCE) og Kari Ludvigsen (HVL) er redaktørar for boka.

Boka er gitt ut av Fagbokforlaget og er opent tilgjengeleg her.