Ny publikasjon av Ishtiaq Jamil
Professor Ishtiaq Jamil har vore redaktør på ei handbok som tek føre seg det Globale Sør.
Hovedinnhold
Ishtiaq Jamil frå instituttet har vore redaktør på ei handbok som vart publisert i juni 2025! I boka « Routledge Handbook of Public Policy in the Global South” ser ein nærare på det Globale Sør med policy-spesifikke casestudiar og komparative analysar. Boka har fleire dyktige forfattarar, som alle tek med seg varierte erfaringar og perspektiv. Dette mangfaldet gjer at ein i denne boka får eit godt grunnlag for å betre forstå politiske situasjonar i det Globale Sør. Gedion Onyango, som er den andre redaktøren i denne boka, har tidlegare vore tilknytta Institutt for Politikk og Forvaltning, då han i 2012 leverte mastergraden sin ved instituttet.
Gratulerer så mykje med publikasjonen!
