Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
INJECT

INJECT - EU-prosjekt

UiB er deltakar i eit EU-prosjekt i Horizon2020 knytta til innovative skriveverktøy for nyheitsjournalistikk.

Logo av INJECT. Forskere fra Universitetet i Bergen skal hjelpe fremtidens journalister ved å utvikle digitale verktøy.
Forskere fra Universitetet i Bergen skal hjelpe fremtidens journalister ved å utvikle digitale verktøy.
Foto/ill.:
INJECT

Hovedinnhold

Suksess i EU
UiB er deltakar i eit nytt EU-prosjekt i Horizon2020 knytta til innovative skriveverktøy for nyheitsjournalistikk. Namnet på prosjektet er "INJECT - Innovation Journalism. Enhanced Creativity tools», og det vart innvilga støtte i ein periode på 18 månader frå 1. januar 2017.

Styrt frå London
Neil Maiden ved City University London er leiar for prosjektet. Den norske delen utgår frå eit samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap, UiB og M'Labs Bergen (tidlegare MobileTech), pluss dei tre lokalavisene Sunnhordland, Hordaland og Hallingdølen. Ved UiB er det Lars Nyre, Astrid Gynnild og Ole Johan Mjøs som er med, og i M'Labs er det Joao Ribeiro og Christian Erichsen.

Innovasjonsprosjekt
INJECT er ikkje fyrst og fremst eit forskingsprosjekt. Det ligg under kategorien «Innovation Action» i H2020, og målsetjinga for slike prosjekt er å utvikle realistiske forretningsmodellar for prototypar som opprinneleg vart laga i akademia. Teknologiane skal flyttast ut i ein relevant marknad, og det er ynskjeleg at prosjektet tener pengar ved utløpet av prosjektperioden. Prosjektperioden er maksimalt 1,5 år.

Verktøy for redaksjonelt arbeid
INJECT baserer seg på eit "toolkit" av ulike dataverktøy som skal hjelpa journalistar til å bli meir kreative og effektive i det daglege nyheitsarbeidet. Dei er meint som forsterkning ("enhancement"), men verktøya korkje kan eller bør erstatta det journalistiske arbeidet. Meininga er at når ei sak er skriven med INJECT-toolkit så har nyheitene fleire relevante kjelder, treffande lenker til relevante saker, og betre grafisk-visuelt uttrykk enn før, men arbeidsinnsatsen til journalisten er framleis det sentrale.
Hvis du vil vita meir om kva slags teknologiar det er snakk kan du gå til ein forklarande sak på TekLab. Her vert søkemotoren JUICE presentert, og den er utvikla med støtte frå Google.

Fokus på lokalaviser
Prototypane skal prøvast ut i tre lokalaviser i Norge, nemleg Hordaland (Voss), Sunnhordland (Leirvik) og Hallingdølen (Ål). Prosjektet har også mediepartnerar frå andre europeiske land. Alle partnerane er små og mellomstore bedrifter, såkalla "SMEs", og det er verdt å merka at dei tre lokalavisene er familieeigde verksemder som er uavhengige av dei store konserna som A-media, Schibsted og Polaris.

Kontaktperson:
Professor Lars Nyre, prosjektleiar UiB, epost: Lars.Nyre@uib.no