Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Innovasjon

Studentar bidreg til lokal medieinnovasjon

Studentar ved Universitetet i Bergen var sentrale i utviklinga av ein ny tips-app for lokalaviser.

Studentar i Bergen
Studentane presenterte prototypen under Future Week i Media City Bergen i 2019. Frå venstre: Simen Larsen Johansen, Preben Ørpetveit Solberg, Malene Berg Sundsøy og Stine Olsen Helland
Foto/ill.:
Zulfikar Fahmy, UiB

Eit studentprosjekt på bachelor i Medie- og interaksjonsdesign ved Institutt for informasjons- og medievitskap har vorte vidareutvikla til ein profesjonell app for lokalaviser. Appen vart nyleg lansert på AppStore og Google Play.

Prosjektet er unikt ved å vere eit direkte resultat av utdanningsløpet i Media City Bergen. Det er fyrste gongen sidan programmet vart etablert i 2004 at eit studentprosjekt har fått suksess i mediebransjen på denne måten.

Belønning for nyheitstips

"Tipps" er ein app for mobiltelefonar som er meint å inspirere borgarane til å sende nyheitstips til lokalavisa. Den er tatt i bruk av lokalavisa Hallingdølen, og skal også brukast av avisene Hordaland på Voss og Sunnhordland på Stord. Dersom du er nysgjerrig på korleis Tipps virkar kan du gå inn på https://tipps.no og lasta ned appen.

Appen har særleg unge menneske som målgruppe, og dreg nytte av konsept frå dataspel i håp om å engasjere dei. Når du sender inn tips får du poeng som kan samlast opp og brukast til kjøp av varer og tenester. Dersom avisa set tipset på trykk, aukar belønninga. Prinsippa for belønning er enno under utvikling.

Appen vart lansert i Hallingdølen torsdag 5. november 2020 med denne nyheitssaka: "Ei verdsnyheit frå Hallingdølen". Lanseringa fekk også omtalet i Medier 24: "Hallingdølen lanserer en egen app for tips" og  Journalisten: "Hallingdølen lanserer tips-app som belønner tipserne".

Basert på studentarbeid i 2019

Fire studentar hadde praksis hjå teknologifirmaet Future Solutions våren 2019, og laga då ein prototype av appen med namn "Ekko" basert på eit konsept firmaet vurderte å realisere. Dei fire studentane er Malene Berg Sundsøy, Preben Ørpetveit Solberg, Simen Larsen Johansen og Stine Olsen Helland.

UiB-studentane gjorde brukarundersøkingar, og laga ein prototype såvel som PR-materiell på video. Dei skreiv også bacheloroppgåver som gav verdifullt materiale til den vidare utviklinga. Professor Lars Nyre var rettleiar på oppgåvene. Les gjerne meir om arbeidet her: "TekLab publiserer fire studentoppgaver om den nyhetsgenererende appen Ekko".

Støtte frå Medietilsynet

Med utgangspunkt i dette arbeidet fekk utviklingsprosjektet støtte frå Medietilsynet i 2020, og prototypen kunne realiserast på ein profesjonell måte. I løpet av sommaren 2020 vart den produsert som ein app for iPhone og Google Play av firmaet AppInventiv i India, på oppdrag av Future Solutions. Den ferdige appen er i alt vesentleg lik prototypen studentane laga våren 2019, men har skifta namn frå "Ekko" til "Tipps".

Preben Ørpetveit Solberg er no tilsett i Hallingdølen og har vore med å utvikla produktet fram til lansering. Han skreiv nyheitssaka "Ei verdsnyheit frå Hallingdølen" der appen vart offisielt lansert.

Universitetet i Stavanger har også vorte involvert i prosjektet, og det føregår no ei omfattande evaluering av Tipps-appen basert på forskingsmidlar frå Rådet for anvendt medieforsking (RAM). Les gjerne meir om dette prosjektet i artikkelen "Automatisering av nyheitsarbeid i lokalaviser" på TekLab.

 

Studentaktiv læring

Praksisen i Future Solutions var en del av det avsluttande bacheloremnet ved Medie- og interaksjonsdesign i Media City Bergen. Dette programmet har vore orientert mot design av prototypar på nye medieløysingar i mange år, og no byrjar satsinga å gje resultat.

Utover lanseringa av Tipps kan miljøet også skilte med ei tildeling til studentaktiv læring frå DIKU. Les gjerne meir om dette i saka "Fem millionar til teknologiutvikling blant studentar" på TekLab.

Tildelinga er meint å styrke satsinga på studentaktiv læring knytt til teknologiutvikling, og vil kunne gjere at miljøet i stand til å produsere fleire kommersielt tilgjengelege produkt i framtida.