Hjem
Det juridiske fakultet
Leseplassar og kollokvierom:

Lesesalar, kollokvierom og PC-rom på Dragefjellet

Her finn du oversikt over opne lesesalar og praktisk informasjon om korleis du kan booke lesesalsplass og grupperom. NB! Av omsyn til smittevern er lesesals- og grupperomskapasiteten for tiden betydeleg redusert. Lesesalsplasser som ikkje kan nyttast står merket.

Hovedinnhold

Booke leseplass 

Skal du lese på biblioteket eller nytte ein lesesalsplass på fakultetet, må du reservere plass på førehand. Slik får du betre oversikt over ledige plassar og er sikra ein plass før du drar inn på campus. Når du kjem til plassen til bestilt tid, registrerer du deg med QR-koden som er festa på plassen.

Les meir: Slik bestiller du leseplass på UiB

Lesesalar på Dragefjellet skole

På Dragefjellet finn du gode og lyse lesesalar som er opne for alle studentar ved fakultetet med dei unntaka som framgår av lesesalsreglementet. 

NB! Av omsyn til smittevern er lesesals- og grupperomskapasiteten for tiden betydeleg redusert. Lesesalsplasser som ikkje kan nyttast står merket. Den reelle kapasiteten står angitt i parentes i tabellen under.  

Opningstidene til lesesalane ved Det juridiske fakultet finn du her

Studentar med bruk for tilrettelegging kan søke om reservert lesesalsplass. Søknad sendast til post@jurfa.uib.no.

EtasjeRomBeskrivelsePlasserLaptop
1102Lesesal30 (15) Ja
1103Lesesal34 (16) Ja
1104Lesesal29 (13) Ja
1107Lesesal32 (17) Ja
2202Lesesal29 (15) Ja
2203*Lesesal34 (16) Ja
2204Lesesal29 (14) Ja
3302Lesesal28 (15) Ja
3303Lesesal33 (16) Ja
3304Lesesal39 (19) Ja
4402Lesesal19 (10) Ja
4407Lesesal26 (13) Ja
4408Lesesal22 (11) Ja

* Reservert for studenter på forskerlinjen (JUS397).

Lesesalar på Jusbygget

Også i Jussbygget finn du lesesalar som er opne for alle studentar ved fakultetet med dei unntaka som framgår av lesesalsreglementet. 

Opningstidene finn du her

NB! Av omsyn til smittevern er lesesals- og grupperomskapasiteten for tiden betydeleg redusert. Lesesalsplasser som ikkje kan nyttast står merket. Den reelle kapasiteten står angitt i parentes i tabellen under.

Studentar med bruk for tilrettelegging kan søke om reservert lesesalsplass. Søknad sendast til post@jurfa.uib.no.

EtasjeRomBeskrivelsePlasserLaptop
2205Lesesal 144 (20) Ja
2207Lesesal 349 (24) Nei
2208Lesesal 445 (21) Ja
2210Lesesal 639 (20) Ja
2211Lesesal 753 (28) Ja
3306Lesesal 1049 (25) Ja
3307Lesesal 1146 (24) Ja
3309Lesesal 1337 (19) Ja
3310Lesesal 1439 (21) Ja
3311Lesesal 1539 (20) Ja

Kollokvierom

Studentar ved UiB kan bestille kollokvierom ved alle fakultet.

På Det juridiske fakultet er det fem kollokvierom i 4.etasje. Rombestilling kan gjerast her.

  • Du kan bestille rom 10 dagar frem i tid.
  • Du kan bestille for maks fire timer om gongen.
  • Kvar student kan maks ha to aktive bestillingar.
  • Rommet kan brukast av andre om du ikkje har møtt opp innan 15 minutter etter starttidspunktet.

Les meir om fakultetsfri rombestilling.

Har du spørsmål om kollokvieromma? Ta kontakt med informasjonssenteret!

PC-stover

Jusbygget

  • Lesesal 2 i 2. et.: 6 PC-ar

Dragefjellet skole

  • PC-stova i 4.et. i gamlebygget: 13 PC-ar og ein felles skrivar.

For å få tilgang til PC-stovene og lesesalane med PC-ar må du bruke studentkortet og PIN-koden. Frå UiBs PC-ar kan du skrive ut til Pullprint.

Det er installert trådlaust nettverk (Eduroam) for oppkopling av eigen PC i alle studentareala på heile fakultetet. 

IT-assistentar

Treng du hjelp til pålogging eller registrering? For all PC-brukarstøtte sjå her

Booking av lokalar for studentorganisasjonar

Studentorganisasjonar kan booke rom på fakultetet og søke om å ha stand i Vrimle. Meir informasjon om dette her