Hjem
Det juridiske fakultet
Opningstider og praktisk info om Dragefjellet:

Lesesalar, kollokvierom og PC-rom på Dragefjellet.

Her finn du ei oversikt over opne lesesalar og praktisk informasjon om korleis du kan booke grupperom.

Lesesalar på Dragefjellet skole

På Dragefjellet finn du gode og lyse lesesalar som er opne for alle studentar ved fakultetet med dei unntaka som framgår av lesesalsreglementet. 

Opningstidene til lesesalane ved Det juridiske fakultet finn du her

Studentar med bruk for tilrettelegging kan søke om reservert lesesalsplass. Søknad sendast til post@jurfa.uib.no.

EtasjeRomBeskrivelsePlasserLaptop
1102Lesesal30 Ja
1103Lesesal34 Ja
1104Lesesal29 Ja
1107Lesesal32Ja
2202Lesesal29 Ja
2203Lesesal34 Ja
2204Lesesal29 Ja
3302Lesesal28 Ja
3303Lesesal33 Ja
3304Lesesal39 Ja
4402Lesesal19 Ja
4407Lesesal26 Ja
4408Lesesal22 Ja

Lesesalar på Jusbygget

Også i Jussbygget finn du lesesalar som er opne for alle studentar ved fakultetet med dei unntaka som framgår av lesesalsreglementet. 

Opningstidene finn du her

Studentar med bruk for tilrettelegging kan søke om reservert lesesalsplass. Søknad sendast til post@jurfa.uib.no.

EtasjeRomBeskrivelsePlasserLaptop
2205Lesesal 144 Ja
2207Lesesal 349 Nei
2208Lesesal 445 Ja
2210Lesesal 639 Ja
2211Lesesal 753 Ja
3306Lesesal 1049 Ja
3307Lesesal 1146 Ja
3309Lesesal 1337 Ja
3310Lesesal 1439 Ja
3311Lesesal 1539 Ja

Kollokvierom

Studentar ved UiB kan bestille kollokvierom ved alle fakultet.

På Det juridiske fakultet er det fem kollokvierom i 4.etasje. Rombestilling kan gjerast her.

  • Du kan bestille rom 10 dagar frem i tid.
  • Du kan bestille for maks fire timer om gongen.
  • Kvar student kan maks ha to aktive bestillingar.
  • Rommet kan brukast av andre om du ikkje har møtt opp innan 15 minutter etter starttidspunktet.

Les meir om fakultetsfri rombestilling.

Har du spørsmål om kollokvieromma? Ta kontakt med informasjonssenteret!

PC-stover

Jusbygget

  • PC-stova på rom 303: 27 PC-ar og ein felles skrivar
  • Lesesal 2 i 2. et.: 11 PC-ar
  • Lesesal 5 i 2. et.: 17 PC-ar
  • Lesesal 8 i 3. et.: 36 PC-ar
  • Lesesal 9 i 3. et.: 16 PC-ar
  • Lesesal 12 i 3. et.: 17 PC-ar

Dragefjellet skole

  • PC-stova i 4.et. i gamlebygget: 13 PC-ar og ein felles skrivar.

For å få tilgang til PC-stovene og lesesalane med PC-ar må du bruke studentkortet og PIN-koden. Frå UiBs PC-ar kan du skrive ut til Pullprint.

Det er installert trådlaust nettverk (Eduroam) for oppkopling av eigen PC i alle studentareala på heile fakultetet. 

IT-assistentar

Treng du hjelp til pålogging eller registrering? For all PC-brukarstøtte sjå her

Booking av lokalar for studentorganisasjonar

Studentorganisasjonar kan booke rom på fakultetet og søke om å ha stand i Vrimle. Meir informasjon om dette her