Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Fornybar energi

Heidra for flytande havvind

Flytande vindmøller kan revolusjonere jakta på fornybar energi. Professor Finn Gunnar Nielsen får ærespris for sitt pionerarbeid på feltet.

Finn Gunnar Nielsen

Finn Gunnar Nielsen
Foto:
Jens Helleland Ådnanes (t.v) og Senu Sirnivas

I oktober 2017 opna verdas første kommersielle flytande vindpark utanfor kysten av Skottland. Hywind Scotland sine fem 125 meter høge vindmøller flyt i havet og kan vere dei første stega i ei ny bølgje innan fornybar energi.

Ein av pionerane i arbeidet med dei flytande vindmøllene er Finn Gunnar Nielsen, som no er professor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen. Torsdag 8. mars vart han heidra med Norges tekniske vitenskapsakademis ærespris for teknologisk forskning.

Pionerar

Nielsen fortel at prosjektet starta i Norsk Hydro i 2002. Nielsen leia forskningsprosjektet som utvikla konseptet og kalkuleringsmetodar, og var med i videreutviklinga heilt fram til 2016. Då han tok til som professor ved UiB.

I starten var ikkje alle like entusiastiske over idéen om å hente kraft frå flytande vindmøller. Det var eit stort arbeid å overtyde dei rette folka om at dette var vegen å gå.

– «You crazy Norwegians» var ofte responsen me fekk i starten. Men no er det mange som er interesserte i dette. Både i EU, Japan og USA vert det forska vidare på flytande løsningar, seier Nielsen, for tida på ein konferanse om nettopp havvind.

Han er overtydd om at flytande havkraft må nyttast fleire stader. Tidlegare har havvind vore avhengig av at ein har grunt nok hav eller fjord, med vindmøller planta i havbotnen.

– Det er ikkje så mange stader vi har slike areal, og då må vi tenkja flytarar, det løyser ut enorme nye område. Store befolkingssentra med djupt hav eller fjord og gode vindtilhøve er ideelle stader for denne bruken, seier han.

Glad for pris

Nielsen skildrar havvindprosjektet som noko av det mest givande han har vore med på som forskar.

– Eg har gjort mykje forskjellig, men dette er nok det mest morosame å jobba med. Det å bruka kunnskapen frå olje- og energifeltet, og så tenkje heilt nytt og starta med blanke ark, det var spesielt. Me lukkast på grunn av mykje stå-på-vilje og ei entusiastisk leiing, seier professoren.

Han er svært glad for prisen frå Norges tekniske vitenskapsakademi.

– Eg ser det som ei stor anerkjenning av Hywind. Eg må også legge til at dette var eit stort teamarbeid, så prisen kunne gjerne vore delt på mange, seier han.

- Vert lagt merke til

Som professor ved UiB er han framleis engasjert i aktivitetar knytta til havvind.

– No er fokuset vårt å skapa ei betre forståing av samspelet mellom turbinane, bølgjene og ein turbulent vind. Det er viktig å kalkulere belastninga rett, og skape mest mogeleg energi.

Nye turbinar kan ha vinger som er nesten 100 meter lange. Kvar vinge veg rundt 25 tonn.

 – Dette prosjektet er noko som vert lagt merke til internasjonalt innan dei miljøa som er opptekne av fornybar energi, seier Nielsen.