Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

Slik vart Sverdrup ein vitskapleg måleeining

Harald Ulrik Sverdrup vart ikkje ein like berømt polfarar som kollegaene Nansen og Amundsen, men det var han som fekk naturvitskapleg stjernestatus med ei måleeining i sitt namn. I Nature Physics fortel Tor Eldevik og Peter M. Haugan historia om éin sverdrup. 

Harald Ulrik Sverdrup
Harald Ulrik Sverdrup mellom utstyr og proviant før Nautilus-toktet i 1931.
Foto/ill.:
Billedsamlingene, UiB/W. Giertsens Skibshandel

Hovedinnhold

I 1961 var den kanadiske oseanografen Maxwell Dunbar blant eit knippe ulike forskingsmiljø som diskuterte å stenge Beringstredet med ein demning. Han var lei av å beskrive havstraumanes rørsler i millionvis av kubikkmeter, og føreslo: 

– Lat oss til dømes seie, for argumentets skuld, at tilsiget gjennom Beringstredet er éin sverdrup.

Kvifor namnet Sverdrup? Og kvifor skulle ein i det heile teke legge ein demning mellom Sibir og Alaska?

Ein sverdrup er omtrent fem Amazonas

Sverdrup på Den norsk-svenske Svalbardekspedisjonen i 1934.

 Sverdrup på Den norsk-svenske Svalbardekspedisjonen i 1934. 

Foto/ill.:
Billedsamlingen, UiB/Ukjent

Harald Ulrik Sverdrup er ikkje nødvendigvis blant dei som er fremst i folks minne når det gjeld norsk polarhistorie, men det skal ikkje stå på hans meritter som havforskar.

Det verken Amundsen eller Nansen, eller nokre av dei andre i norsk polarhistorie, har til felles med Harald U. Sverdrup er æra av å få ein måleenhet oppkalla etter seg – i dette tilfellet volumet for vatn si rørsle i havstraumar. Éin sverdrup er éin million kubikkmeter vatn per sekund, eit tal så stort at det kan vere vanskeleg å sjå for seg.

– Éin million kubikkmeter vatn per sekund er omtrent fem gongar det som blir flytta av verdas største elv, Amazonas, fortel professor Tor Eldevik, instituttleiar ved Geofysisk institutt og forskar ved Bjerknessenteret, i april-utgåva av Nature Physics.

Saman med professor Peter Mosby Haugan ved Havforskingsinstituttet og Geofysisk institutt skriv han om Sverdrup, mannen og eininga – og ikkje minst den storslåtte planen som er årsak til at eininga vart til. 

Astronomaspiranten som laga havforskingsbibel 

Struktur og styrke (i sverdup; Sv) på den subpolar og subtropiske gyren i Nord-Atlanteren.

Sverdrup vist i Nord-Atlanteren, med den nordatlantiske gyren innteikna i grønt.

Foto/ill.:
Helge Drange m.fl., UiB/Bjerknessenteret

Målet til Sverdrup var eigentleg astronomi, men han vart leia over i meteorologien – og etter kvart også havforskinga – av sin mentor, professor Vilhelm Bjerknes. Med ein fersk doktorgrad i lomma frå Leipzig vart han vitskapleg leiar for Roald Amundsen sin Maud-ekspedisjon i 1918, og i 1926 etterfølgde han Bjerknes som professor ved Geofysisk institutt ved UiB.

– I dag er han nok best kjent for å ha forklart gyresirkulasjonen – havstraumane som spenner over verdenshava mellom kontinenta, skriv Eldevik og Haugan. 

– Styrken til gyrane, som kan observerast frå verdsrommet, følgjer direkte frå passatvindane. Sverdrup samla dermed, i éin teori, dei to naturgjevne forholda for dei historiske handelsrutene mellom kontinenta.

Dei fem store havgyrene, vist forenkla – den nordatlantiske, søratlantiske, nordlige stillehavs, sørlige stillehavs og det indiske havs. (Illustrasjon: Bjerknessenteret)

Dei fem store havgyrene, vist forenkla – den nordatlantiske, søratlantiske, nordlige stillehavs, sørlige stillehavs og det indiske havs. (Illustrasjon: Bjerknessenteret)

Foto/ill.:
Bjerknessenteret

I 1931 var Sverdrup med på «en av tidenes minst vellykkede ekspedisjoner». Med ubåten Nautilus var planen å segle under isen i Polhavet. Nautilus viste seg heldigvis ueigna før ein kom så langt, og endte til slutt på botnen av Byfjorden – men ikkje utan at Sverdrup fekk gode data på vegen. Nokre år etter vart han kalla til å bli direktør for Scripps Institution of  Oceanography i San Diego, USA – der han blant anna støtta dei allierte under andre verdskrig, med sin kunnskap om tidevatnet. 

Scripps er i dag verdsleiande innafor havforsking, i vesentleg grad i arv frå Sverdrup si tid som direktør. Medan han var på Scripps skreiv han det som har blitt kalla havforskingas «bibel», The Oceans: Their Physics, Chemistry and General Biology, saman med Martin W. Johnson og Richard H. Fleming. Eldevik og Haugan skriv

The Oceans konkluderte realiseringa av oseanografi som ein moderne vitskap, frå ein revolusjon i teori, observasjonsprosedyrer og analyser i første halvdel av 1900-talet.