Klimaendringar sett gjennom plantene sine augo
Det kan vera vanskeleg å spå korleis klimaendringar påverkar artsmangfald. Ny forsking frå Universitetet i Bergen kan gjera det lettare å seia noko meir sikkert om framtidsnaturen.
Hovedinnhold
Fleire feltstudier dokumenterer korleis endringar i temperaturar og nedbør kan endra mangfaldet av artar i naturen. Likevel viser desse funna ofte at graden eller retninga på desse endringane varierer mellom dei forskjellige feltområda.
– Vi er jo opptatte av korleis naturen og økosystema reagerer på klima og miljøendringar. Men svara vi får er ofte at "det spørst". Den same klimaendringa kan ha heilt forskjellig effekt i Arktis og ved ekvator - eller på Vestlandet eller Austlandet, forklarer professor og planteøkolog Vigdis Vandvik.
Ser verda gjennom plantebriller
I artikkelen viser forskarane korleis desse komplekse responsane på klimaendringar kan gjerast enklare.
– Vår forsking hjelper oss til å forstå kvifor og korleis det er slik. Enkelt sagt handlar det om at naturen ser verda gjennom litt andre briller enn oss - planter har ikkje termometer, og dei responderer ikkje lineært på grader celsius eller millimeter nedbør, seier professoren.
Ved å skalere klima og klimaendringane etter dei faktorane plantene faktisk reagerer på kan forskarane forenkla svært komplekse mønster, forstå mekanismar, og spå betre om framtida.
FLYTTAR PLANTER: Stipendiat Ragnhild Gya analyserer vegetasjon. – Dette er på eit oppfølgingsprosjekt etter prosjektet artikkelen er basert på. Vi fant jo ut at artar frå låglandet som sprer seg til fjellet virkar negativt på fjellplantene. Dette inspirerte eit nytt prosjekt der vi ser på effektane av desse plantene - vi flyttar dei til fjells og "ser kva som skjer", seier Vigdis Vandvik.
– Ved å ta plantene sitt perspektiv på klimaendringane fann vi at fjellengene våre, frå Voss til Vestre Slidre, responderer på klimaendringar – men det er ikkje temperatur eller nedbør i seg sjølv som er årsaken. Det er indirekte effektar, gjennom endringar i konkurranseforhold mellom artane, som styrer dei klimaresponsane/mønstra vi ser i naturen, forklarar Vandvik.
Flytta heile grasmarker
Forskarane var i felt på tolv forskjellige stadar med varierte temperaturar og nedbørsmengder. Ved å transplantera komplette grasmarker i tråd med dei regionale klimamodellane, kunne forskarane spora korleis forholdet mellom artane endra seg i tråd med endra klimaforhold.
– Interessant nok spelar både mosar og framande artar ei nøkkelrolle: eit varmare klima gjer at nye varmekjære artar kan spre seg i fjellet. Desse har mykje større negativ effekt på fjellartane enn klima i seg sjølv. Men mosane i fjellet kan utestenga dei framande artane - og hjelpa fjellplanter til å overleve klimaendringane! Nokre små superheltar der, altså, seier planteøkologen.
Vandvik ser fram til å forska vidare med utgangspunkt i den nye innsikta ho har kome fram til.
Neste steg er tatt
– Vi er alt no i gang med neste steg! Vi skal sjå på kva som gjer at somme fjellartar er meir sårbare enn andre for desse nye naboane, og vi skal rekne på kor lang tid det tar før fjellplanter forsvinn.
Dei er óg i gang med eit felteksperiment der låglandsplanter med dei "snillaste og slemmaste" eigenskapane flyttast opp i fjellet.
– Då kan vi studere i detalj kvifor fjellplanter ikkje kan leve med dei nye naboane sine, seier Vandvik.