Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Havvind

Kraftig satsing på havvind frå regjeringa

Regjeringa opnar for at det skal produserast nesten like mykje kraft frå havvind som frå vasskraft i Noreg innan 2040. – I tråd med kva UiB tilrår, seier havvindprofessor Finn Gunnar Nielsen.

Vindturbinar
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

– I dag lanserer vi ei storstilt satsing på havvind. Ambisjonen vår er at vi innan 2040 tildeler område for 30 000 MW havvindproduksjon i Noreg, sa statsminister Jonas Gahr Støre på ei pressekonferanse 11.05.2022.

Finn Gunnar Nielsen er professor og direktør i Bergen Offshore Wind Centre (BOW), og meiner regjeringa si avgjerd er positiv.

– 30 GW er eit fornuftig mål, det er omtrent like mykje som norsk vasskraft på 34 GW årleg. Noreg får no konkrete mål, og det har vi ikkje hatt før. Men det er langt fram til 2040, og det hadde gjerne vore fint med nokre milepelar langs vegen. Men alt i alt er dette svært positivt, seier Nielsen.

1500 vindturbinar i 2040

Den planlagte satsinga inneber at ein skal ha om lag 1500 vindturbinar til havs i drift i 2040.

– Målet med utbygginga er å gi folk og verksemder store mengder rimeleg kraft. Skal vi få til det, er vi nøydde til å satse no. Og vi må satse i stor skala, sa Gahr Støre på pressekonferansen.

Nielsen konstaterer at ambisjonane i høg grad samsvarar med det UiB tenkjer og har tilrådd.

– Vi har mellom anna tilrådd at ein må starte tidlegare med miljøundersøkjingar, så kan heller utbyggjar betale dette når dei set i gang. Då vert det mogeleg å akselerere utbygginga, seier Nielsen.

Havvind 2022

Professor Finn Gunnar Nielsen om havvind. Saka fortset under videoen. 

Produsent:
Arctic frontiers

– UiB må styrke satsinga

UiB har eit sterkt fokus på havvind på tvers av fleire disiplinar, og havvindsenteret BOW samlar satsinga på havvind. Forskarar frå mellom anna jus, biologi, informatikk, samanliknande politikk og geovitskap er involverte i senteret.

Nielsen trur at regjeringa si satsing havvind gjer at UiB må følgja opp.

– Eg meiner at vi no må bygge opp ein endå sterkare satsing, til dømes med andre institusjonar som Norges Handelshøyskule, NORCE og Havforskingsinstituttet. Vi bør også inkludere utdanningane våre i høgare grad, til dømes innan meteorologi, arealforvaltning og juss.