Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Som lærer får du alt!

Ann-Kristine Vange har tatt lektorutdanninga og jobbar nå som lærar ved Bergen Katedralskole

Hopp i det! Om ein ønskjer seg ein variert arbeidsdag der ein kan få jobbe med menneske og fag samtidig, er dette draumejobben.

Eg undervis i kjemi, matematikk, naturfag og teknologi og forskingslære på vidaregåande skule samt vaksenopplæring.

Enkelt sagt er hovudoppgåva mi å planlegge og gjennomføre undervisinga i dei ulike faga. I det ligg det å lage langsiktige framdriftsplanar, planlegge kvar enkelt undervisingstime, lage og rette prøvar og anna elevarbeid.

Gjennom lektorutdanninga har eg fått i pose og i sekk. Eg føler at eg har erverva meg ei sterk, fagleg side, samtidig som eg har fått modna pedagogen og didaktikkaren i meg. Å vere fagleg sterk i undervisingsfaga sine er sjølvsagt viktig. Like viktig er det å vite korleis ein kan få elevane til å forstå faga og skape engasjement. Spesielt den siste delen vil eg påstå tek tid å få utvikle. Då er det bra at utdanninga er lagt opp på den måten at ein stadig får små drypp med pedagogikk og didaktikk igjennom heile utdanningsløpet.

Tips
Hopp i det! Om ein ønskjer seg ein variert arbeidsdag der ein kan få jobbe med menneske og fag samtidig, er dette draumejobben. Men sjølvsagt er det ikkje berre fryd og gammen heile tida. Som nyutdanna er det lett å verte overarbeida, og då er det viktig å hugse at det er noko som heiter «godt nok». I tillegg er det lurt å ha både plan A, B og C klar, for du kan aldri vere heilt førebudd på kva som kjem til å skje i løpet av ein skuledag. Det er noko av det som er så spanande med denne jobben!

Fleir intervju