Hjem
Det medisinske fakultet

Informasjon fra Helse Bergen

Id-kort, garderobar og personaltøy.

Sjå også Helse Bergen sine nettsider for info til studentar som skal ut i praksis.

ID-KORT

Alle medisinstudentar får tildelt ID-kort når dei kjem til Haukeland universitetssjukehus i praksis. ID-kortet får du i Drift/teknisk kundesenter, som ligg i første etasje i Verkstadbygget.  Drift/teknisk kundesenter er ope frå kl. 07.00-16.00 måndag-fredag. ID-kortet tildeles ved personleg frammøte. For utlevering av ID-kort vert det kravd gyldig legitimasjon, og namnet ditt må stå på dei oversiktene vi har motteke frå UiB.

Når du er på sjukehusområdet, pliktar du å bere ID-kortet synleg. I tillegg til at ID-kortet viser at du er knytt til sjukehuset, fungerer ID-kortet som ein nøkkel til tilgangskontrollerte avdelingar/rom.

 

 

GARDEROBAR

 

Ved Haukeland universitetssjukehus er det fellesgarderobar i underetasjen i Sentralblokka (gul, blå, rød og grøn garderobe). I rød, blå og grøn garderobe er det faste skap, i gul garderobe er det såkalla pollettskap.

Medisinstudentane disponerer om lag 400 faste skap i blå garderobe. Er du student, kan du frå 4. studieår søkje om fast garderobeskap. Ta turen innom Drift/teknisk kundesenter eller ta kontakt med dei på e-post (77100@helse-bergen.no) eller telefon: (55977100).

Dersom du har fast skap og skal ha permisjon frå studiet eller anna planlagd fråvere i meir enn 3 månadar, skal skapet frigjerast for andre brukarar. 

Er du student i 1.-3. studieår, eller ventar på garderobeskap, må du nytte fleirbrukarskap, også kalla pollettskap. Desse skapa skal berre nyttast i arbeidstida, og skal forlatast opne og ulåste ved avslutta arbeidsdag. For å nytte desse skapa legg du ein pollett i eit ledig skap, og nøkkelen frigjerast når du låsar skapet. Pollettane tek du ut frå ei av pollettmaskinane ved hjelp av ID-kortet ditt, men du kan ikkje ta ut meir enn ein pollett innafor ein arbeidsdag. Dei som brukar pollettskap vil i tillegg få tildelt eit "skoskap" i gul/raud garderobe. Du finn sjølv eit ledig skoskap og nytter eige hengelås på dette.

Om du mistar nøkkelen til skapet ditt, eller av andre grunnar ikkje får opna skapet, tek du kontakt med Drift/teknisk kundesenter. Treng du hjelp til å opne skapet utanom normal arbeidstid kontaktar du Hospitaldrift Sikkerheit på telefonnummer 55972002.

Diverre er det mange som misbrukar pollettskapa, og vi har difor sett oss naudsynte til å krevje ei avgift på 500 kroner dersom vi ved kontroll avdekker misbruk av pollettskap. Ønskjer du å vite meir om reglane for bruk av skapa i fellesgarderobane på sjukehuset, ta kontakt med Drift/teknisk kundesenter.

 

 

PERSONALTØY

 

Tøyutlevering skjer ved at du brukar ID-kortet ditt på ein av tøyutleveringsmaskinane som står rundt om på Haukeland universitetssjukehus. Tøyet vert returnert i tøyinnkastlukene. Hugs å tømme lommene på personaltøyet.

Modell og bruksreglement er bestemt av leiinga ved sjukehuset og vi følgjer desse retningslinene. Vi har for tida 7 tilgjengelege storleikar, frå X-liten til XXX-stor i kvit bukse/kittel, og 6 storleikar i frakk, frå X-liten til XX-stor.