Om fakultetet
Hovedinnhold
Fakultetet vart først etablert 15. august 1946. 1. januar 2008 gjekk fakultetet saman med Det odontologiske fakultet. Dei to fakulteta gjekk saman ut i frå eit ønskje om å utvikle oral helse som ein meir integrert del av helseomgrepet og for å kunne tilby meir tverrfagleg utdanning og forsking. I tillegg til medisin og odontologi tilbyr fakultetet profesjonsutdanning innan farmasi og tannpleie, bachelorprogram i ernæring og har fleire mastergradsprogram innan helsevitenskap, biomedisin, global helse og ernæring.
Fakultetet dekkjer eit breitt spekter av forskingsfelt. Det er vertskap for eitt Senter for framragande forsking (SFF), Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS), to K. G. Jebsen senter for forsking på Parkinsons sykdom og på myeloid blodkreft, samt fleire ERC prosjekt. Fakultetet sin forskingsinfrastruktur er organisert i tilsaman åtte kjernefasilitetar.
Totalt har Det medisinske fakultet om lag 1400 medarbeidarar, ca 2300 studentar og er med sine rundt 550 PhD-kandidatar ein av dei største bidragsytarane til forskerutdanninga ved Universitetet i Bergen.