Hjem

Ernæring, bachelor, 3 år

Alle menneske treng mat og drikke – kvar einaste dag! Ernæring handlar om maten vi et, korleis kroppen omformar den og kva den gjer med oss. Korleis påverkar ernæring helsa vår? 
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar34
  • OpptakskravMEROD
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Ernæring er eit høgaktuelt fagområde i eit samfunn som er prega av overforbruk på den eine sida, og svolt og mangel på den andre. Vel du å studere ernæring, blir du ein viktig medspelar i arbeidet for å betre kosthald og helsetilstanden i befolkninga. 

På ernæringsstudiet diskuterer vi spørsmål som: 

  • Kor mykje feitt og karbohydrat skal ein ete?
  • Er det sunt å ete fisk?  
  • Kva for behandling er effektiv mot fedme?  
  • Kva for genar påverkar om eg er følsam for mat?  

Stadig fleire er plaga av ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar, for eksempel irritabel tarm, fedme og overvekt eller laktoseintoleranse. Dei treng eit tilpassa mattilbod, og opplæring i kva dei kan ete.  

Som ernæringsstudent ved UiB får du forskingsbasert kunnskap om samanhengane mellom kosthald, helse og sjukdom. Studiet passar for deg som liker realfag, men som også vil jobbe tverrfagleg med behandling av menneske.

 

Meir informasjon under

Hvordan er det å studere ernæring ved UiB?

Produsent:
Stine Mari Velsvik

Jobb

Med ein bachelorgrad i ernæring kan du arbeide i offentlig og privat sektor, til dømes i matvareindustrien, på opplysningskontor og i kommunar.

Arbeidsoppgåver kan vera: 

  • førebyggande rådgjeving
  • kosthaldsrettleiing av friske personar 
  • undervisning og formidling
  • produktutvikling

Bachelorgrad i ernæring kvalifiserer for opptak til masterprogram i klinisk ernæring. Dei fleste som tar bachelorgrad i ernæring vil gå vidare på dette toårige masterprogrammet. Med ein mastergrad i klinisk ernæring kan få autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog, og arbeide med ernæringsbehandling i sjukehus. Alle stillingar innan ernæring på sjukehus krev autorisasjon, og vi anbefaler deg å ta ein mastergrad etter fullført bachelorgrad.

Det er også andre masterprogram som kan vere aktuelle.

Oppbygging 

Bachelorstudiet i ernæring er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august kvart år. 

Fra og med høsten 2021 vil nye studenter på første studieår følge ny studieplan. Studentar som byrja på studiet hausten 2020 eller tidlegare følgjer denne studieplanen

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

Semester 1: 

  • Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng) 
  • NOM Medisinsk nomenklaturlære (5 studiepoeng) 
  • FARM150 Biokjemi (10 studiepoeng) 
  • NUTR100 Innføring i klinisk ernæring (10 studiepoeng), oppstart av emne 1. semester

Semester 2: 

  • NUTR100 Innføring i klinisk ernæring (10 studiepoeng), fortsettelse fra 1. semester
  • FARM260 Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)   
  • MEDSTA Medisinsk statistikk (5 studiepoeng) 
  • NUTR115 Ernæringsbiokjemi (10 studiepoeng) 

Semester 3: 

  • NUTRANA Menneskets anatomi (5 studiepoeng) 
  • NUTRFYS Menneskets fysiologi (15 studiepoeng) 
  • NUTR203 Ernæringsfysiologi - makronæringsstoffer (10 studiepoeng) 

Semester 4: 

  • PSYK140 Åtferd, helse og ernæring (10 studiepoeng) 
  • NUTR150 Matvarekunnskap  (10 studiepoeng) 
  • NUTR204  Ernæringsfysiologi - mikronæringsstoffer (10 studiepoeng) 

Semester 5: 

  • NUTR230 Metodar i ernæringsforsking (10 studiepoeng) 
  • NUTR244 Ernæring og helse på individ- og samfunnsnivå (15 studiepoeng) 
  • NUTR290 Bacheloroppgåve i human ernæring (15 studiepoeng), oppstart av emne 5. semester

Semester 6: 

  • NUTR247 Innføring i ernæringsbehandling (15 studiepoeng) 
  • BIO209A Næringsmiddeltoksikologi (5 studiepoeng) 
  • NUTR290 Bacheloroppgåve i human ernæring (15 studiepoeng), fortsettelse fra 5. semester

*Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.   

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen 

Som ny student på ernæringsstudiet vil du få tilbod om å delta i ei mentorgruppe. I mentorgruppa blir du kjent med andre som studerer det same som deg og som du vil møte i undervisninga det første studieåret. Vidarekomne studentar på studieprogrammet ditt leiar mentorgruppene og vil dele av sine erfaringar med studia og studiekvardagen. 

Du blir del av ein liten klasse som følger kvarandre gjennom studiet. Det er eit aktivt studiemiljø på ernæringsstudia med både faglege og sosiale aktivitetar.

Studiekvardagen er variert: I løpet av ei typisk veke vil du ha ca. 20 timar med forelesningar, seminar, laboratorium og praktiske øvingar. I tillegg kjem tid på lesesalen med pensumlitteratur. Du vil også få jobbe med behandling av helsedata. 

Meir informasjon under

Ernæring

Produsent:
Martin Nyhammer

I løpet av studiet skal du ha praksis i primærhelsetenesta. Frå og med hausten 2021 er praksisperioden fire veker i sjette semester. Det er også kortare praksisperiodar og besøk i bedrifter og helsevesen undervegs i studiet. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.  

Som ernæringsstudent vil du halde til i ulike bygg på campus Haukeland, som Bygg for biologiske basalfag, Armauer Hansens hus og Sentralblokka på Haukeland Universitetssjukehus. Lesesalar finn du på Armauer Hansens hus.

 

Meir informasjon under

Kva lærer du? 

Ein student med bachelorgrad i ernæring: 

  • har brei kunnskap om ernæring, inkludert fordøyelse, opptak og omsetting av energi, makro- og mikronæringsstoff, matvarekunnskap, kosthaldsanalyse og kostanbefalingar til ulike grupper i samfunnet. 
  • kan beherske metodar for å definere og vurdere matinntak og ernæringsstatus hos individ og grupper. 
  • kan kritisk vurdere vitskapeleg informasjon innanfor ernæringsfeltet. 

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i tredje, fjerde eller femte semester. Det vanlegaste er å reise til universitet i Tyskland, Sverige, Nederland, Hellas, USA og Australia.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MEROD: 

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her