Hjem
Det medisinske fakultet
Finn fram

Campus Haukeland/Årstadvollen

Det medisinske fakultet sin campus ligg på Årstadvollen og ved Haukeland universitetssjukehus, med kort veg til Bergen sentrum og med flotte turområde rett utenfor studentareala.

Hovedinnhold

På denne sida finn du ei oversikt over dei viktigaste bygga på campus for deg som ny student ved fakultetet. Seinare i studiet vil du kunne ha undervising i andre bygg på campus.  

Bygg for biologiske basalfag (BBB)

Jonas Lies vei 91
Det fleste studentgrupper har undervising på BBB i løpet av studiet. På BBB finn du auditorium og ulike undervisingsrom i tillegg til medisinsk ferdighetssenter, grupperom, kantine og bibliotek. Studieseksjonen ved Institutt for biomedisin har tilhald i 6. etasje. Det er gangbru mellom BBB og Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. I gangbrua er det bokskap for studentar.


Haukeland universitetssjukehus (HUS) 

Jonas Lies vei 65
På HUS har UiB fleire undervisingslokale, og spesielt medisin- og ernæringsstudentar vil ha mykje undervising på sjukehuset i løpet av studiet.
 

Armauer Hansens hus (AHH)

Haukelandsveien 28
I 1. etasje i AHH er det fleire lesesalar og grupperom og eit pauserom for studentar. Informasjonssenteret for studentar er også lokalisert her. I underetasjen ligg auditoriet og bokskap for studentar. Det er gangbru mellom AHH og Sentralblokka på HUS.  
 

Odontologibygget (ODO)

Årstadveien 19
I odontologibygget på campus Årstadvollen har tannpleie- og vidarekomne tannlegestudentar det meste av si undervising. I tillegg til undervisingsrom og moderne ferdigheitssenter, rommar bygget lesesal, PC-stove, kantine og Odontologisk universitetsklinikk.
 

Alrek helseklynge

Årstadveien 17
Alrek helseklynge opna dørene i 2020 og har fleire undervisningsrom, ei eiga kantine og opne løysingar for studentaktivitetar. Ulike studentgrupper frå både universitetet og høgskulen er innom her løpet av studietida.

Overlege Danielsens hus (ODH)

Årstadveien 21
Senter for internasjonal helse har tilhald i bygget og studentar på masterprogram i global helse har undervisning der. I underetasjen har studentane ved fakultetet sin eigen studentpub: Smittbar!   

Laboratoriebygget

Fagmiljø med tilknyting til både ernæring, medisin og farmasi har tilhald i bygget. Studieseksjonane ved Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 finn du i 7. etasje. Det er gangbru til BBB og HUS.
 

Kome seg til campus Haukeland/Årstadvollen


Det er gode bussforbindelsar til campus. Linje 5 og 6 har hyppigast frekvens, men også fleire andre linjer kjører om Haukeland/Årstadvollen. Sjå skyss.no for bussruter, eller last ned reiseplanleggar-appen til Skyss på din mobil.

Nærmaste busshaldeplass til Bygg for biologiske basalfag (BBB), Armauer Hansens Hus (AHH) og Haukeland universitetssjukehus (HUS) er «Haukeland sjukehus Sør». Odontologibygget (ODO) og Alrek helseklynge ligg mellom busstoppa "Årstadveien" og "Statsarkivet".

Det fullt mogleg å gå eller å sykle frå sentrum. 


Spesielt for farmasistudentar


Farmasi er eit tverrfakultært studieprogram. Det vil seie at farmasistudentar har undervising både på Det medisinske fakultet (campus Haukeland/Årstadvollen) og på Det matematisk-naturvitenskaplege fakultet (Realfagbygget i Allégaten 41).