Hjem
Det medisinske fakultet

Kosthald og ernæring på sjukehus

Kaia Hevrøy Waage gjekk rett ut i jobb etter fullført mastergrad i klinisk ernæring.

Eg har fått grundig opplæring i korleis menneskekroppen fungerar og kva ernæringsbehov den har, samt kostbehandling til eit breitt spekter av sjukdomstilstandar.

Kva består jobben din i?
Som klinisk ernæringsfysiolog arbeidar eg med vurdering av ernæringstilstand og kostbehandling til pasientar, med ulike sjukdomstilstandar, som på grunn av desse har særskilde ernæringsbehov.

 

Kva er dine konkrete arbeidsoppgåver?
Eg arbeider i hovudsak med kostveiledning til pasienter som gjennomgår fedmeoperasjonar. Dette omfattar vurdering og  kostveiledning før og etter operasjon. I tillegg har eg ansvar for oppfølging av inneliggande pasientar med særskilde ernæringsbehov ved sjukehuset eg er tilknytta.

 

På kva måte er utdanninga di relevant for jobben?
Etter ein mastergrad i klinisk ernæring ved UiB er ein kvalifisert til ein autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. Utdanninga er derfor svært relevant for jobben min, då dette er eit krav for å arbeide som klinisk ernæringsfysiolog.  I løpet av mastergraden har eg også fått ei grundig opplæring i korleis menneskekroppen fungerar og kva ernæringsbehov den har, samt kostbehandling til eit breitt spekter av sjukdomstilstandar. Denne kunnskapen er nødvendig  for at eg skal kunne gjennomføre jobben min.

 

Korleis bli klinisk ernæringsfysiolog ved UiB: 
Klinisk ernæringsfysiolog (KEF) er ein beskytta tittel. For å bli klinisk ernæringsfysiolog ved UiB må du først ta bachelorgrad i human ernæring (3 år), og deretter søke opptak til mastergrad i klinisk ernæring (2 år).