Hjem
Det medisinske fakultet

Politiattest

På nokre av studieprogramma våre må du levere politiattest ved opptak til studiet.

Hovedinnhold

Kravet om politiattest i samband med opptak til studiet gjeld desse studieprogramma:

  • Bachelorprogram i human ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Medisinstudiet
  • Spesialistutdanninga i odontologi
  • Kvalifiseringsprogram for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS - området
  • Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar.
  • Masterprogram i klinisk ernæring

Du må levere ny politiattest ved opptak til Masterprogram i klinisk ernæring sjølv om du har levert politiattest ved opptak til Bachelorprogram i human ernæring.

Føremål med politiattesten

Det skal kome fram av politiattesten om ein er sikta, tiltalt eller domfelt for brot på dei paragrafane i straffelova som er nemnt i Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Har du fått opptak til farmasistudiet, må du i tillegg levere ein politiattest som er avgrensa til å omfatte brot på narkotikalovgjevinga etter § 30A i Legemiddellova. Farmasistudentar skal då levere to politiattestar, ein etter Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 og ein etter Legemiddellova §30A, og må søke om to separate politiattar.

Lovheimen for krav om politiattest

Politiattest skal leverast i medhald av Universitets- og høgskolelova § 4-9 andre ledd og Forskrift om opptak til høgare utdanning § 6 - 1.

Manglande politiattest

Utan gyldig politiattest vil du ikkje få anledning til å delta på obligatorisk klinisk undervising eller praksisopplæring. Fråvær frå obligatorisk klinisk undervising eller praksisopplæring vil føre til at du mister retten til å gå opp til eksamen.

Dispensasjon

Det blir ikkje gitt dispensasjon eller utsetting av kravet om politiattest. Det medisinske fakultet har ei forplikting ovanfor pasientar studentane kjem i kontakt med i løpet av studiet.