Hjem
Middelalderklyngen
middelalderforum

Middelalderforum våren 2020

Programmet for Middelalderforum våren 2020.

Mannhelgisbalkr 15. codex. Reenhielmianus f. 76r
Faksimile av den utgåva av landslova som vert kalla Codex Reenhielmianus, eller Codex Lund 15.
Foto/ill.:
Universitetsbiblioteket i Lund

Mellomalderklynga organiserer kvart semester ein serie med føredrag under vignetten Middelalderforum, som denne våren er i samarbeid med prosjektet "Transformations of Medieval Law: Innovation and Application in Early Modern Norwegian Law Books". 

Middelalderforum våren 2020

Føredraga finn stad på Frille og Dyvekes vinkjeller i Hollendergaten. Dei startar kl. 18, med unntak av føredraget 31. januar, som startar kl. 19.

Alle er velkomne og det er gratis inngang!

31. januar Hemn – ein rett og ei plikt fram til 1274
ved Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap, UiO
11. februarKvinner si rettslege stilling i mellomalderen
ved Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi, UiB
10. marsUtvalde saker frå bispedomstolen i Bergen på 1300-talet
ved Anna Elisa Tryti, mellomalderhistorikar
14. aprilTo illuminerte lovhandskrift fra Bergen
ved Stefan Drechsler, postdoktor i norrøn filologi, UiB
12. maiMagnus Lagabøtes bylov og Bergen i 1276
ved Geir Atle Ersland, professor i historie, UiB