middelalderforum
Middelalderforum våren 2020
Programmet for Middelalderforum våren 2020.

Faksimile av den utgåva av landslova som vert kalla Codex Reenhielmianus, eller Codex Lund 15.
Photo:
Universitetsbiblioteket i Lund
Main content
Mellomalderklynga organiserer kvart semester ein serie med føredrag under vignetten Middelalderforum, som denne våren er i samarbeid med prosjektet "Transformations of Medieval Law: Innovation and Application in Early Modern Norwegian Law Books".
Middelalderforum våren 2020
Føredraga finn stad på Frille og Dyvekes vinkjeller i Hollendergaten. Dei startar kl. 18, med unntak av føredraget 31. januar, som startar kl. 19.
Alle er velkomne og det er gratis inngang!
31. januar | Hemn – ein rett og ei plikt fram til 1274 ved Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap, UiO |
11. februar | Kvinner si rettslege stilling i mellomalderen ved Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi, UiB |
10. mars | Utvalde saker frå bispedomstolen i Bergen på 1300-talet ved Anna Elisa Tryti, mellomalderhistorikar |
14. april | To illuminerte lovhandskrift fra Bergen ved Stefan Drechsler, postdoktor i norrøn filologi, UiB |
12. mai | Magnus Lagabøtes bylov og Bergen i 1276 ved Geir Atle Ersland, professor i historie, UiB |
meir om føredraga
22.01.2020