Home
Medieval Research Cluster

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
middelalderforum

Hemn – ein rett og ei plikt fram til 1274

Velkomen til føredrag i Dyvekes vinkjellar med professor i rettsvitskap, Jørn Øyrehagen Sunde.

Olav Tryggvasons saga
Kark drep Håkon Jarl, illustration for Olav Tryggvasons saga, Heimskringla 1899-utgåva. Christian Krohg.
Photo:
Wikipedia commons

Main content

Professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, Jørn Øyrehagen Sunde, held føredraget "Hemn – ein rett og ei plikt fram til 1274".

Hemn var eit heilt sentralt instrument for konfliktløysing etter norsk rett fram til Landslova av 1274. Det fanst ikkje bare ein rett til å ta hemn i ein del situasjonar, men òg ei plikt. Retten og plikta til hemn var ikkje individuell, men låg på ætta. Dermed var det ætta, og ikkje tinget som domstol, som avgjorde om hemn var ein rettmessig reaksjon på ei fornærming. Men det er bare restane av hemnretten ein finn nemnt i Den eldre Gulatingslova og Frostatingslova. Gradvis vart denne retten avgrensa før den til slutt vart avskaffa i 1274. Men gjennom omskriving av Landslova, vart den likevel delvis innført på ny, og stod ved lag til Kristian IVs norske lov av 1604. Ved ein inkurie var den mellomalderske hemnretten innført på ny i utruskapssaker med Kristian Vs norske lov av 1687, og vart ikkje endeleg avskaffa før i 1842.

Føredraget er ein del av foredragsrekkja Mellomalderforum, som denne våren har temaet "Lov og rett i mellomalderen" og er arrangert av forskingsprosjektet Mellomalderlov i endring/Transformations of Medieval Law ved Universitetet i Bergen i samarbeid med Mellomalderklynga.

Frille og Dyvekes vinkjeller fredag 31. januar kl. 19.00

Alle er velkomne og føredraget er gratis!