Hjem
Middelalderklyngen
DIGITAL FRAMSTILLING

Selja kloster og helgenanlegg

Gjennom 3D-animasjon kan du no oppleve Selja kloster og helgenanlegg slik det såg ut på byrjinga av 1300-talet, då det var på sitt mest aktive.

Rekonstruksjon av Selja kloster sett frå sjøen
Dei som for 700 år sidan kom seglande inn mot det kyrkjelege anlegget på denne særeigne øya, dei ville bli møtt av eit stort og kvitkalka klosteranlegg på sletta nedafor høge fjellsider.
Foto/ill.:
Arkikon

Hovedinnhold

Kloster- og helgenanlegget på øya Selja i Nordfjord var eit av dei viktige kyrkjelege monumentalanlegga og kyrkjesentera i norsk mellomalder – og utvilsamt det mest særeigne.

Her finn me eit av dei eldste norske klostera og det eldste bispesetet på Vestlandet, begge grunnlagde heilt tilbake på 1000-talet. Her finn me også martyrstaden for dei fyrste norske helgenane, St. Sunniva og Seljumennene, som etter legenda vart drepne på 900-talet og funne av kong Olav Tryggvason i 996.

Etter den tid og like opp til i dag har Selja vore sett på som ei heilag øy. Det kyrkjelege anlegget på Selja har altså ei like lang soge som kristendommen har det i Noreg. Før den tid kan det ha vore ein førkristen heilagdom på øya, men dette veit me ikkje.

I vår tid ligg mest berre låge, meir eller mindre restaurerte murrestar att av bygningsanlegga frå mellomalderen. Korleis såg heile det kyrkjelege anlegget ut då det i si velmaktstid stod fullt utbygd ein gong på 1300-talet?

Klikk deg gjennom anlegget

Via 3D-animasjon kan du sjå korleis det kan ha sett ut på Selja kloster og helgenanlegg i mellomalderen. Via mobil eller PC kan du klikke deg rundt i anlegget og sjå det frå både utsida og innsida. 

Tidsbiletet er lagt til 1320-åra, 700 år før vår tid. Grunnformene, i alle fall av det som var steinkonstruksjonar i anlegget, er i dag stort sett bevarte og kjende. Gjennom forskinsbaserte vurderingar og meir eller mindre sannsynlege forklaringsalternativ, har prosjektet forma heile hus på murrestane og liv og miljø i anlegget.

Sjå video

Animasjon av rekonstruksjon av Selja kloster på tidleg 1300-tal.

Visualisering av Selja kloster- og helgenstad

Produsent:
Arkikon