
Bergen og vestlandsregionen skal spele ei leiande rolle både nasjonalt og internasjonalt innanfor mellomalderfeltet
Mellomalderklynga er etablert som ein del av Universitetet i Bergen si satsing på kunnskapsklynger i strategien for 2016–2022. Det humanistiske fakultet har det overordna ansvaret for organisering av mellomalderklynga.
Illustrasjon av Arkikon
Mellomalderen er ein sentral tidsperiode som har hatt mykje å seie for historisk utvikling og identitet i Noreg og elles i Europa. Kunnskap om norsk og europeisk mellomalder er difor av stor betydning, og avgjerande for å forstå bakgrunnen for det moderne samfunnet.
Bergen og vestlandsregionen har fleire sterke fagmiljø som tek vare på den felles kulturarven frå mellomalderen. Mellomalderklynga skal vere eit samlande organ for desse fagmiljøa og støtte opp om samfunnsoppdraga til samarbeidspartnarane: forsking, utdanning, formidling og forvalting, med fokus på nyskaping og innovasjon.