Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Nyhet

Frå lesesalen til praksis

Fornøgde studentar etter å ha vore utplassert i praksis heile vårsemesteret.

Neste
Årets studenter ved AHKR201
Studentane samla til evalueringsseminar på slutten av semesteret.
Foto/ill.:
Julie Alver Tønsaker
1/5
Praksisstudenter med dei tilsette på Osterøy Museum
Oppstilling under praksisbesøket ved Osterøy Museum i begynnelsen av april
Foto/ill.:
Eirik Kvam Goksøyr
2/5
På besøk ved Hordaland Fylkeskommune
To studentar (til venstre i biletet) var utplassert ved Hordaland Fylkeskommune
Foto/ill.:
Haci Akman
3/5
På besøk i Sund Kommune
God prat under besøket til Sund Kommune
Foto/ill.:
Haci Akman
4/5
På besøk ved Bergen Byarkiv
På veg inn i fjellet til Bergen byarkiv og Interkommunalt arkiv
Foto/ill.:
Eirik Kvam Goksøyr
5/5
Tilbake

Hovedinnhold

Sidan 2014 har Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap tilbydd emnet AHKR201- Praksis i arbeidslivet. I vår vart 13 studentar utplassert i 5 månader på seks forskjellige praksisplassar - Bergen Byarkiv, Interkommunalt arkiv, Kulturkontoret i Sund Kommune, Osterøy Museum, Noregs fiskerimuseum og Hordaland Fylkeskommune. 

Spennande å jobbe med kulturminneforvalting

Nytt frå i vår var avtalane med Hordaland Fylkeskommune og Interkommunalt arkiv. Ein av studentane som var utplassert hos Hordaland Fylkeskommune fortel om eit spennande semester som praktikant:

- Som praktikant ved Hordaland Fylkeskommune har eg lært og opplevd mykje nytt, og ikkje minst fått bygge vidare på den kunnskapen eg har frå arkeologistudiet. Det har vore spennande å få lære meir om kulturminneforvaltning og å få innblikk i korleis arbeid ved ein fylkeskommune kan vere, seier Kristin Mørkeseth Bakkene.

Kristin fullførte bachelorgrad i arkeologi i vår og tok AHKR201 som ein del av dei valgfrie studiepoenga i bachelorgraden. Ho meiner at praksistida har gitt ho både verdifull erfaring, men også eit større innblikk i framtidig jobbmoglegheiter.

- Arbeidet i praksistida har gitt meg verdifulle erfaringar som kjem til å gagne meg både i vidare studiar og i framtidig yrkessamanheng. I tillegg til at eg har fått ei god referanse ved framtidig jobbsøking, har eg også blitt klar over kva arbeidsmoglegheiter eg har etter fullført studie. Praksisemnet har dermed gitt meg mykje utbytte i form av både praktisk erfaring og eigen sjølvinnsikt.

Relevant arbeidserfaring i ein arkivinstitusjon

- Som historikar er eg vant til å handtere store mengder informasjon, og å vere systematisk og nøye. Desse eigenskapane har vert nyttige i det praktiske arbeidet arkivinstitusjonar utfører. Det har også vore ein fordel for meg å vere trena til å vere kritisk, og å utføre større prosjektarbeid, seier Theresa Rosell-Helland.

Theresa, som fullførte ei mastergrad i historie i 2018, tok emnet etter eit sterk ynskje med å jobbe med sitt eige fag gjennom arkivarbeid. Ho var utplassert på Interkommunalt arkiv og meiner at fagbakgrunnen hennar ha vore nyttig å ha mens ho var i praksis. Ho fortel vidare om kjekke og lærerike arbeidsdagar ved Interkommunalt arkiv.

- Med ei interesse for og utdanning innan historie ser eg verdien av å ta vare på og å formidle historisk informasjon. Eg synes blant anna at det har vore interessant å ha jobba med informasjon om enkeltpersoner og samfunnet blir bevart for ettertida samt å sjå personars livsløp bli dokumentert gjennom arkiva fra fødsel, gjennom skule og arbeid til død. Eg ser IKA Hordaland som ein attraktiv arbeidsplass for historikarar og samfunnsvitarar. Det er også ein hyggelig arbeidsplass med mange unge kollegaer. Dette har bidre til at eg har vore fornøgd med min praksisperiode, seier ho.

AHKR201 – praksis i arbeidslivet

Produsent:
Praksis i arkiv: Erika og Lars var utplassert hos Bergen Byarkiv i 2017 og fortel om sine erfaringar.

Smart med praksis i studietida

Både Theresa og Kristin har fått ei lærerik og kjekk oppleving som praksisstudentar i vår og vil anbefale studentar ved AHKR å velgje praksis under studietida. 

- Kompetansen ein får ved å ta ei utdanning ved AHKR eller HF generelt er for det meste teoribasert. Å ta eit praksisemne som AHKR201 er i så måte eit godt tilbod for dei som ønskjer å få meir praktisk erfaring, seier Kristin.

Theresa meiner praksisen fekk ein til å reflektere over kva ein kan bruke utdanning si til, noko som er svært viktig for dei som tar humanistisk utdanning.

- Eg er av den oppfatning at det ikkje er unormalt at studentar ved AHKR er usikre på kva dei kan bruke utdanninga si til, og at mange tenkjer at læraryrket er det einaste gode alternativet. Gjennom AHKR201 har eg saman med medstudentar og tilsette ved IKA Hordaland reflektert over kva eg kan bruke historieutdanninga mi til. Eg har kome fram til at den kan vere relevant i mange samanhengar, seier ho.

Til slutt kjem ho med ei oppfordring til studentar ved AHKR.

- Historiestudentar og studentar ved AHKR generelt bør derfor bli flinkare til å selje sin kompetanse inn mot arbeidsmarknaden, og å tenke meir kreativt.