Hjem
Institutt for sosialantropologi
Masteroppgåve

Frivilligturisme og bullshit jobs: om arbeid, kapital og søppel

Hovedinnhold

Masteroppgåve levert ved Institutt for sosialantropologi, våren 2020.

Av: Synne Sørenes
Veileder: Professor Cecilie Ødegaard

Denne masteroppgåva tek for seg frivilligturisme i ein costaricansk surfeby, og kva det kan fortelje oss om idear knytt til verdifullt arbeid, kapital og søppel. Gjennom deltakande observasjon ved to ulike organisasjonar i Santa Teresa, Costa Rica, har eg fått innsyn i korleis frivilligturistar oppfattar eige og andre sitt arbeid, kva som motiverer til å arbeide frivillig, og kvifor ein vel å gjere det i eit land som Costa Rica. Gjennom David Graeber sine refleksjonar kring ”bullshit jobs”, frå boka med same namn, argumenterer eg for at nokre frivillige sluttar eller seier opp meiningslause jobbar for å arbeide frivillig, i søken etter eigen påverknadskraft. Trongen til å påverke held fram i det frivillige arbeidet, men utan evne til å konseptualisere produktet, og difor også verdien, av eige arbeid, vart fleire av dei frivillige demotivert. For dei utan lengre arbeidserfaring vert den sosiale og kulturelle kapitalen ein kan akkumulere under frivillig arbeid den viktigaste motivasjonsfaktoren. Dei frivillige sin økonomiske situasjon gjer dei moglegheit til å betale for eit opphald og organisert frivillig arbeid i Santa Teresa, som seinare kan gi dei forsprang under søknadsprosessar knytt til universitetsopptak og jobb. Gjennom Claude Lévi-Strauss og Lisa Malkki argumenterer eg for at dei frivillige ynskjer å reise til Costa Rica for å hjelpe dyr, fordi dei er ”good to think” som uskuldige offer, av miljøproblematikk eller anna menneskeskapte problem. Oppgåva tek også for seg søppel, som eit globalt og lokalt miljøproblem, kva som gjer at søppel i naturen er ”matter out of place”, og kvifor dei frivillige ikkje fann det givande nok å plukke søppel frå vegkanten, når alt dei ynskja var å redde dyr frå menneskeleg harme.