Hjem
Institutt for sosialantropologi
MATEROPPGÅVE

Ei ny tid for gamle gudar

Hovedinnhold

Masteroppgåve levert ved Institutt for sosialantropologi, våren 2020.

Av: Fartein H. Nilsen
Veileder: Førsteamanuensis Mary Bente Bringslid

I denne oppgåva tek eg for meg trussamfunnet Ásatrúarfélagið på Island. Dette er eit nypaganistisk trussamfunn som vart grunnlagt i 1972 og som fekk status som statleg anerkjent religion på Island i 1973. Dette inneber at Ásatrúarfélagið er jamstilt med kristendommen og statskyrkja på Island med alle dei rettane og pliktene som følgjer med. Ásatrúarfélagið er jamvel det femte største trus- og livssynssamfunnet på Island i dag. Blant dei ikkje-kristne trus- og livssynssamfunna så er Ásatrúarfélagið det største og raskast veksande. Som andre nypaganistiske trussamfunn er dei til ein viss grad prega av eit ønskje om å forkaste institusjonalisert kristendom og rekonstruere førkristen religion. Slike trussamfunn baserer seg ofte på det dei meiner er gjenlevande fragment av førkristen mytologi og rituell praksis i folketrua. Oppgåva er basert på eit seks månadar langt feltarbeid på Island kor eg hovudsakleg oppheldt meg i og kring Reykjavík.

I løpet av oppgåva viser eg korleis åsatrua er tett knytt til framveksten av modernitet på Island og at det inngår i diskursar kring identitet, sjølvutvikling, nasjonalisme og turisme. Eg argumenterer for at åsatru, slik det har manifestert seg på Island, skapar eit diskursivt rom som tillét tilhengjarane å hevde sin individualisme og ein type radikal «islandskheit» som er i tråd med narrativet om islandsk eksepsjonalisme og frigjeringskamp. I tillegg gir det rom for å eksperimentere med identitetar og kritisere etablerte institusjonar i det islandske samfunnet som krenker individets rettar. På denne måten byggjar åsatruarane refleksivt eit narrativ om seg sjølv med røter i fortida samstundes som det i røynda ikkje strid imot ein neoliberal logikk og ein hypermoderne livsstil. For å kaste ljos over korleis åsatruarane refleksivt konstruerer identiteten sin med utgangspunkt i fortida, nyttar eg meg hovudsakleg av teoretikarar som Anthony Giddens, Ulrich Beck og Zygmunt Bauman.