Hjem
Institutt for sosialantropologi
naf-konferansen 2021

Vellykka NAF-konferanse 2021!

25.-26. november gjekk årskonferansen til Norsk antropologisk forening av stabelen, i år arrangert av fagmiljøet i Bergen. Sjå bileta frå NAF-konferansen 2021 her!

Neste
åpning av NAF
Leiar for konferansekomitéen 2021, Synnøve Bendixsen og Antonio De Lauri, ønskjer ein stappfull Terminus Hall velkommen til NAF-konferansen 2021.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
1/27
Registrering NAF
Første stopp: registrering og avhenting av namnelapp, program og nett.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
2/27
Frivillige NAF
Masterstudent og frivillig Tonje Sophie O. Gray er parat til å hjelpe nyleg ankomne deltakarar med spørsmål dei måtte ha.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
3/27
Honorary Lecture Leif Manger
Professor Leif Manger gav ein flott æresforelesing der han leia publikum inn i polariseringstematikken gjennom sitt liv og virke, først og fremst i Sudan og Sør-Sudan, med forelesinga "The Good, the Bad, and the Ugly; Polarisation as zones of ambiguities".
Foto/ill.:
Maria B. Ulvesæter
4/27
Arb.gruppe NAF
Korleis GDPR påverkar forskingsmetodane i antropologien vart diskutert i Arbeidsgruppe 12 - Panelsamtale: Fremtidens etnografi - i lys av GDPR. Det var til saman fjorten arbeidsgrupper og tre filmvisingar over dei to konferansedagane.
Foto/ill.:
Maria B. Ulvesæter
5/27
Panelsamtale NAF 2021
Panelsamtale mellom Hilde Frafjord Johnson og Thomas Hylland Eriksen, der dei mellom anna var innom akademisk fridom, klimautfordringar, pandemi og fredsbygging i ei polarisert samtid. Antonio De Lauri var ordstyrar.
Foto/ill.:
Maria B. Ulvesæter
6/27
Kopputdeling NAF
Nøgde gjestar fekk konferanse-kopp med seg heim.
Foto/ill.:
Maria B. Ulvesæter
7/27
Edvard Hviding
Boklansering: Edvard Hviding (UiB) ønskjer velkommen til lansering av boka "Anthropology in Norway: Directions, Locations, Relations". Saman med Synnøve Bendixsen (UiB) hadde han redaktøransvaret og inviterte bidragsytarar, forlegger, gjestar og publikum til lansering og samtale.
Foto/ill.:
Nils Haukeland Vedal
8/27
Halvard Vike
Halvard Vike (Universitetet i Sørøst-Noreg) bidrog med kapittelet "No direction home? Anthropology in and of Norway".
Foto/ill.:
Nils Haukeland Vedal
9/27
Fartein Nilsen vinn pris
Fartein Hauan Nilsen, ph.d.-kandidat ved UiB vann beste artikkel i Betwixt & Between 2021, og blir mellom anna premiert med å stå på trykk i Norsk antropologisk tidsskrift.
Foto/ill.:
Maria B. Ulvesæter
10/27
Takk for maten-tale
Ph.d.-kandidatane ved Institutt for sosialantropologi, UiB, Martin Eggen Mogseth og Oda Eiken Maraire, fekk det ærefulle oppdraget å takke for maten etter ein storstilt konferansemiddag.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
11/27
Mingling NAF-konferansen
Konferanse-mingling er ein sentral del av eit så stort antropologisk arrangement - og noko folk heilt klart hadde sakna. Gjensynsgleden var stor og nye vart kjenningar stifta. Fv.: Ståle Knudsen (UiB), Harald Aspen (NTNU), Håkon Fyhn (NTNU), Jens Røyrvik (NTNU), Cecilie Vindal Ødegaard (UiB)
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
12/27
Mingling NAF-konferansen
Fv.: Fartein Hauan Nilsen (UiB), Lars Gjelstad (HVL), Martin Eggen Mogseth (UiB), Nils Haukeland Vedal (UiB) og Bjørn Enge Bertelsen (UiB).
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
13/27
Mingling NAF-konferansen
F.v.: Ny leiar for Norsk antropologisk forening, Tone Danielsen (Høgskolen i Kristiania), Thomas Hylland Eriksen (UiO) og Natalia Magani (UiT).
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
14/27
Mingling NAF-konferansen
F.v.: Malin Kleppe (HVL), Oda Eiken Maraire (UiB) og Ragnhild Freng Dale (Vestlandsforsking)
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
15/27
Mingling NAF-konferansen
F.v: Roel Puijk (HINN), Knut Rio (UiB) og Frode Storaas (UiB).
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
16/27
Mingling NAF-konferansen
F.v.: Carmeliza Rosario (CMI) og konferanseleiar Antonio De Lauri (CMI).
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
17/27
Boksalg NAF
Boksal av antropologisk nyutgitt litteratur mellom slaga.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
18/27
Mingling NAF-konferansen
Vitskapleg assistent ved Institutt for sosialantropologi, UiB og GRIP, Maria Bakke Ulvesæter, har gjort ein uvurderleg innsats med det praktiske før og under konferansen.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
19/27
Frivillige NAF
Dei frivillige har også vore essensielle for gjennomføringa av det store arrangementet. F.v.: Tonje Sophie O. Gray, Sofie Hole, Camilla Brekken, Mari E. Nehus og Emma Louise Solheim. Ikkje med på bilete: Jan Magne Helgesen, Maja P. Wedset, Irmelin Johansen, Susanne Christensen og Melissa Mjåtveit.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
20/27
FB.forelesningen velkommen
Instituttleiar Synnøve Bendixsen ønskjer velkommen til Fredrik Barth-forelesinga 2021. Dette er den sjette i rekka av forelesingsserien som vart oppretta av Institutt for sosialantropologi, UiB, då det var 50 år sidan Fredrik Barth grunnla instituttet i 2015.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
21/27
Marianne Lien foreleser
Professor Marianne Lien var årets foredragshaldar og gav ei nydeleg og inspirerande Fredrik Barth-forelesing, med tittelen "Beyond the Ethnographic Presence; Landscapes as relational archives".
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
22/27
Marianne Lien og Fredrik Barth
På finurleg vis trakk ho på arven etter Barth og hans utømmelege utforskarglede, og knytte det opp til si eiga langvarige forsking i Finnmark.
Foto/ill.:
Synnøve Bendixsen
23/27
Marianne Lien og Synnøve Bendixsen
Instituttleiar Synnøve Bendixsen og professor Marianne Lien framfor nestor Fredrik Barth.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
24/27
NAT-debatt NAF
Fast innslag på årskonferansen er å debattere ein aktuell antropologisk problemstilling, initiert av Norsk antropologisk tidsskrift (NAT). I år vart påstanden "Anthropology does not need to decolonize in order to make sense of conflicts in today’s polarized world" som skulle diskuterast. Samwel Moses Ntapanta (UiO) og Kjetil Knaus Fosshagen (HVL) argumenterte overbevisande FOR, medan Carmeliza Rosario (CMI) og Cindy Horst (PRIO) argumenterte, like overbevisande, MOT.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
25/27
Diskusjon NAF-debatt
... noko som fremja engasjement og diskusjon i salen. Berre nokre få endra meining undervegs, og oppteljinga til slutt viste at 62 stemte mot påstanden og 18 for.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
26/27
Logo NAF-konferansen 2021
Engasjerte konferansedeltakarar, gjestar, frivillige, arbeidsgruppeleiarar og andre bidrog til at NAF-konferansen 2021 vart ei minneverdig hending. Tusen takk!
Foto/ill.:
Nina B. Dahl/Colourbox
27/27
Tilbake

Hovedinnhold

Norsk antropologisk årskonferanse er eit årleg arrangement der antropologar frå heile landet, i og utanfor akademia, samlast. Grunna korona-pandemien vart arrangementet utsett eitt år. Gjensynsgleda og iveren var nok derfor ekstra stor då rundt 140 konferansedeltakarar møttest i Bergen for å stifte nye antropologiske kjennskap, oppdatere kvarandre på forskingsfronten og debattere aktuelle problemstillingar.

  • Sjå bilete frå konferansen i karusellen over!

Tusen takk til alle konferansedeltakarar, gjestar, frivillige, arbeidsgruppeleiarar og andre som bidrog til at NAF-konferansen 2021 vart ei minneverdig oppleving.

Vi gler oss til neste år allereie!