Hjem
Senter for digitale fortellinger
CDN

– Å vere eit fyrtårn, og vise vegen vidare

11. desember opna CDN med rektor, forskingsråd, og buekorps.

Neste
Petter Helgesen og Benedicte Løseth i Forskingsrådet overleverer SFF-plakett til senterleiarane Scott Rettberg og Jill Walker Rettberg.
Foto/ill.:
Jessie van Balkom
1/2
Rektor Margareth Hagen gratulerar senterleiarane Scott Rettberg og Jill Walker Rettberg.
Foto/ill.:
Jessie van Balkom
2/2
Tilbake

Hovedinnhold

– Digital historieforteljing og narrativ er ei stor del av liva våre, men vi manglar ei heilheitleg forståing av dette. Vi skjøner framleis ikkje tilstrekkeleg av korleis dei verkar, korleis dei blir brukt, og korleis dei formar kulturen rundt oss, sa UiB-rektor Margareth Hagen då Senter for digitale forteljingar (CDN) vart opna den 11. desember, og peika på det senteret vil arbeide med dei komande ti åra.

Til stades for anledninga var òg områdedirektør i Noregs forskingsråd, Benedicte Løseth, som overrakte plaketten som viser at senteret er eit av ni nye Senter for framifrå forsking (SFF). I talen sin trakk ho fram kva SFF-ordninga er og skal vere – eit grunnlag for å bygge nye miljø og fagretningar, og gi dei rom til å utvide kunnskapen.

– Eg må seie at det gleder meg at senterets kjerne er humanistisk forsking og utvikling på felt som kunstig intelligens. Innanfor ei rekkevidde av tema – frå elektronisk litteratur, spelstudier, digital kultur, og berekningar – skal de fremje forståinga av digitale forteljingar. De har potensialet til å vere eit fyrtårn, og vise vegen vidare.

Hendinga fann stad i huset som skal bli senterets heim, Langes gate 1. Her flyttar administrasjon og forskarar inn over nyttår.

Kvelden vart så avslutta med ei omvisning i utstillinga Introduksjon til Senter for digitale fortellinger som står på HF-biblioteket til over nyttår.