Operativ teamledelse i kriser

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane forskingsbasert, praksisnær og relevant kunnskap om psykologiske, rettslege og organisatoriske tilhøve som påverkar teamåtferd og leiing i kommunar og fylkeskommunar i tidskritiske og krevjande situasjonar der liv, helse eller grunnleggande verdiar er trua.

Studentane lærer å analysere og forstå menneskelege faktorar som påverkar korleis team samla forstår situasjonar, koordinerer seg imellom, tar felles avgjerd og samhandlar. Sentrale tema som studentane jobbar med er prinsippa som det nasjonale samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet er basert på, og korleis ulike typar kriser og tryggleiksutfordringar påverkar kommunal verksemd. Studentane utviklar også ferdigheiter og kompetanse om korleis kommunale leiarar kan få operative team til fungere godt i kriser (til dømes ulykker innanfor transportsektoren, maritim sektor eller offshoreverksemd) i samspel med andre etatar og organisasjonar som tek hand om helse og samfunnstryggleik. Vidare er det eit viktig mål at studentane skal lære å reflektere over kva som skjer med ein organisasjon når ei krise inntreff brått og uventa, og korleis leiing og organisering i kriser skil seg frå kommunal leiing under normal drift.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Kandidaten kan

  • identifisere utfordringar som operative kriseteam i kommunal sektor kan stå overfor og vurdere fordelar og ulemper ved ulike løysningar på slike utfordringar
  • forklare prinsippa som det nasjonale samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet er basert på og analysere korleis dei påverkar kommunal leiing, ansvar, oppgåver og samarbeid med ulike aktørar innanfor og utanfor eigen organisasjon
  • reflektere over skilnadar og likskapar mellom ein organisasjon i kommunal sektor under normal drift og i kriseberedskap

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • analysere korleis ulike typar kriser og tryggleiksutfordringar påverkar kommunal verksemd
  • organisere og leie operative kriseteam i tråd med relevante lovreglar og hovudprinsippa for samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet i kommunal sektor
  • iverksette relevante mottiltak mot utfordringar som operative kriseteam i kommunar og fylkeskommunar står overfor

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • kommunisere effektivt i krisesituasjonar
  • analysere korleis eit operativt kriseteam fungerer i krisesituasjonar

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

MA-nivå, EVU-emne

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisninga startar om hausten og går gjennom heile studieåret.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar

Deltakarar må ha eit av følgjande fullførte utdanningsløp:

  • bachelorgrad
  • cand.mag.-grad
  • anna grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang
  • utdanning som i samhøve med § 3-5 i lov om universitet og høgskular er godkjent som jamgod med nemnde grader eller utdanningsløp.

Minimum to års administrativ- eller operativ erfaring frå kommunal sektor eller andre delar av offentleg sektor.

UiB kan i spesielle tilfelle godkjenne andre dokumenterte kvalifikasjonar som heilt eller delvis likeverdig med dei nemnde utdanningsløpa.

Søkjarar som har fullført eit eller fleire av de andre emna som inngår i masterprogrammet, vil bli prioritert i opptaksprosessen.

Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant.
Studiepoengsreduksjon
Ingen overlapp.
Krav til studierett
Opptak til EXECUTIVE663
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisingssamlingane vekslar mellom bruk av forelesingar, videodemonstrasjonar, oppgåveløysing i mindre grupper og praksisnær undervising med simulering, rollespel og øvingar i operasjonsrom.

I forkant av undervisingssamlingane jobbar studentane på eigenhand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, svare på quizar, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

I etterkant av kvar undervisingssamling leverer studentane eit refleksjonsnotat der dei reflekterer over sin eigen læringsprosess og eigen læring.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk oppmøte på undervisingssamlingane.
  • Levere ein casebeskrivelse frå eigen kommune før oppstart og vidareutvikle denne gjennom andre og tredje samling
  • Levere refleksjonsnotat i etterkant av kvar undervisingssamling.
  • Kvarandrevurdering
  • Informasjon om og krav til casebeskrivelsen finnast i Mitt UiB.

    Vurderingsformer
    Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjend av faglærar.
    Karakterskala
    Gjennomført/ikkje gjennomført
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    I tråd med retningslinjer for evaluering av emner ved Det psykologiske fakultet.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje relevant.
    Programansvarleg
    Studieutvalet ved Det juridiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet. Eit programstyre, der representantar for samarbeidsmiljøa er med, har ansvar for å drive programmet, i tråd med retningslinjene for utarbeiding og drift av tverrfakultære program i UiB sitt kvalitetssystem for utdanning
    Emneansvarleg
    Førsteamanuensis Roar Espevik (Roar.Espevik@uib.no)
    Administrativt ansvarleg
    Senter for krisepsykologi ved Det psykologiske fakultet