Museologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Museologi tematiserer musea si kulturelle rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tematiserer kva som kjenneteiknar eit museum og kva som ligg i dei ulike museumsfunksjonane, med særleg vekt på innsamling og utstilling. Etablering av museumssamlingar blir sett som kulturelle prosessar der "vanlege ting" blir transformerte til "kulturarv". Kulturhistoriske og kulturanalytiske perspektiv blir vektlagt.

Emnet skal gje føresetnader for å forstå musea sin funksjon og verkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om museumsfeltet og dei sentrale oppgåvene til musea.
  • kjenner til relevant faglitteratur og kan gjera greie for teoretiske perspektiv som er relevante for feltet.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan med utgangspunkt i faglitteratur drøfta spørsmål med relevans for museumsarbeid.
  • kan reflektere kritisk over musea si rolle og funksjon gjennom bruk av historiske og analytiske perspektiv.

Generell kompetanse Studenten

  • kan orientere seg seg i forskingslitteratur og nytta den i analytiske framstillingar.
  • kan kommunisere om faglege tema med andre med bakgrunn innafor same fagområde.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med KUVI203 og KUVI258
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt som forelesingar, seminar og ekskursjonar som vil tematisera verksemda til utvalde museum og samlingar. Det vert lagt opp til intensive undervisningsperiodar med pausar mellom. Sjå timeplanen for detaljar.

Undervisninga våren 2023 blir på norsk og dansk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen er ein 5-dagars heimeeksamen med omfang på om lag 3000 ord.
Karakterskala
Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår / haust
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturliste. Litteraturlista er på om lag 1200-1500 sider.Litteraturlista for vårsemesteret vil vere klar innan 1.12.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap