Tiande semester medisinstudiet

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I emnet MED10 får studentane kunnskap innan samfunnsmedisin med spesifikke emne innan førebyggjande- og arbeidsmedisin. I tillegg vil dei få kunnskap innan rettsmedisin, rus, smerte og palliasjon. Semesteret vil også innehalde undervisning i generell onkologi, som knyt saman den meir organspesifikke onkologien studentane tidlegere er blitt undervist i. Medisinstudentane får også auka kunnskap om leiarrolla til ein lege, handtering av kunnskap og etiske problemstillingar knytt til legeyrket. Dei vil også få ei innføring i internasjonal helse med fokus på helseproblem i låg- og mellominntektsland.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter gjennomført semester har studenten følgjande kunnskapar:

Studenten:

  • Kan anvende dei aktuelle lovverka som er relevante i si gjerning som lege (til dømes lov om folkehelse, lov om helsepersonell, lov om straff, lov om pasientrettar, lov om helseregistre, lov om arbeidsmiljø m.m.)
  • Veit inngåande kva slags faktorar som grunnleggande fremjer god helse og førebygger sjukdom på individ og samfunnsnivå; inkludert tyding av miljøfaktorar, som til dømes eksponeringar i arbeidslivet, vernetiltak, vaksinar, smittevern og deltaking i arbeidslivet
  • Forstår dei vanlegaste metodane for innovasjon, systematiske arbeidsprosessar og kontinuerleg forbetringsarbeid, og handtering av uønska hendingar i arbeidslivet
  • Veit om kva som kjenneteikner godt leiarskap og og leiarskapsprinsipp, og veit korleis ein kan løyse utfordringar som er knytt til samhandling mellom nivå og mellom profesjonar i helse- og omrsorgssektoren.
  • Forstår korleis helsetenestene er organisert og oppbygde.
  • Har kjennskap til rusrelaterte symptom, og korleis ein kan førebygge rusrelaterte tilstandar
  • Forstår viktige skilnadar og likskapar mellom rike og fattige land når det gjeld helsemessige og demografiske utviklingstrekk
  • Forstår årsaker, epidemiologi, diagnostikk, handsaming og førebygging av dei store folkesjukdommane i låg- og middelinntektsland, med fokus på dei følgjande: HIV; tuberkulose; malaria; diare, luftvegsinfeksjonar, kreft og underernæring hjå barn; mødre- og spebarnhelse; sjukdommar som kan førebyggast med vaksine; og helseproblem som er relatert til krig og katastrofar.

Dyktigheit

Etter gjennomført semester har studenten følgjande dyktigheiter:

Studenten:

  • Veit korleis ein foreslår befolkningsretta tiltak som fremmer folkehelsa
  • Kan analysere ulike leiarstilar og eigne styrkar og svakheiter som leiar og deltakar i grupper og team
  • Kan sjølv utføre melding ved meldepliktige tilstander eller hendingar, og vite korleis disse skal handterast
  • Kan gje kvalifiserte råd om førebygging av miljørelaterte plager
  • Kan kartlegge, vurdere og gje eigna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og med andre profesjonar
  • Kan sjølvstendig utføre ei målretta klinisk undersøking av pasientar og oppdage patologi som kan bekrefte/avkrefte mistanke om kreft
  • Kan anvende kunnskapen sin om smerte- og symptomlindring for å handtere akutte tilstandar og komplikasjonar hos pasientar med sjukdom
  • Kan sjølvstendig diagnostisere, utgreie og utføre ikkje-kirurgisk helsehjelp til pasientar med kreft som allmennlege og som lege på lokal- og sentralsjukehus og vite når pasientar skal vidare til spesialisthelsetenesta
  • Veit korleis ein utfører grunnleggjande rettsmedisinske oppgåver, slik som til dømes syning av lik og utfylling av dødsattest
  • Kan forklare korleis store folkesjukdomar påverkar samfunnsutviklinga i låg- og middelinntektsland.
  • Kan vurdere korleis ulike verkemiddel kan betre folkehelsa i låg- og middel-inntektsland.
  • Kan vurdere kva rolle legar har i område med konfliktar og katastrofar.

Generell kompetanse

Etter gjennomført semester har studenten følgjande generell kompetanse:

Studenten:

  • Anerkjenner fordeler, ulemper og mulige etiske problemstillingar ved igangsetting av befolkningsretta tiltak for å fremme helsa i befolkninga
  • Anerkjenner at ein må tilnærma seg alvorleg sjuke og døande pasientar, og deira pårørande, på ein medmenneskeleg, etisk og profesjonell måte.
  • Anerkjenner kompleksiteten i rusrelaterte problem
  • Er bevisst eigne verdiar og kan kritisk reflektere over eigen praksis som fagutøvar og i ulike roller, og framtidig utøving av yrket som grunnlag for kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Anerkjenner helsevesenet sin plass i samfunnet, korleis ressursar kan fordeles på ein tenleg måte på tvers av helsetenesta og at alle ressursar har alternativkostnader
  • Er bevisst korleis ein kan innhente og presentere kunnskap på ein god måte og med eit kritisk blikk
  • Er bevisst på å ha eit globalt perspektiv på utøving av si gjerning som lege
  • Er merksam på konsekvensar av aukande globalisering for medisinsk tenkning.

Studiepoeng, omfang

13

Studienivå (studiesyklus)

Masteremne

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskapar
Fullført MED9
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir fokusert på varierte undervisningsformer og integrering mellom fagområder i tråd med intensjonen til Medisin 2015. Døme på undervisningsformer er kliniske smågrupper, praktiske kurs, nettbaserte ressursar, praktiske øvingar, team-basert- og case-basert læring i tillegg til førelesingar.

Fagleg informasjon via Mitt UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir fokusert på varierte undervisningsformer og integrering mellom fagområder i tråd med intensjonen til Medisin 2015. Døme på undervisningsformer er kliniske smågrupper, praktiske kurs, nettbaserte ressursar, praktiske øvingar, team-basert- og case-basert læring i tillegg til førelesingar.

Fagleg informasjon via Mitt UiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på kliniske spesialvisittar og morgonklinikkar i onkologi
  • Godkjente fleirvalstestar og individuelle oppgåver
  • Presentasjon av oppgåver i gruppe i Legen som leder
  • TBL i samfunnsmedisin
  • Alle obligatoriske krav underveis i semesteret må vere godkjent før eksamensmappa kan vurderast. Detaljar om ulike arbeidskrav finn ein under emnet i Mitt UiB.

    Vurderingsformer

    Mappevurdering.

    Informasjon om mappa vil bli gjeven i Mitt UiB.

    Mappa blir vurdert som ein heilskap, og alle element må vere bestått for at mappa kan vurderast som godkjent.

    Karakterskala
    Bestått / ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering

    Nyttar Mitt UiB i tillegg til STUND

    Emnerapport første gong, og deretter kvar 3. gong emnet går.

    Programansvarleg
    Programutvalget for medisin
    Administrativt ansvarleg
    IGS