Tekst og skriftleg russisk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å stadfeste språkkjensla og forbetre studenten sine språklege ferdigheiter, først og fremst i det skriftlege, ved å utvida ordforrådet og praktisere språket i ein akademisk kontekst.

Studiet tar opp tema som essayskriving, vitskaplege tekstsjangrar, omsetjing av avanserte tekstar, og bruk av fagspesifikt akademisk vokabular på russisk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har god innsikt i eit russisk akademisk omgrepsapparat og kunnskap om korleis ein byggjer opp og formulerer eit akademisk essay på russisk.
  • har god kunnskap om det valde temaet for heimeessayet.

Ferdigheiter

Studenten

  • har utvikla ferdigheiter i å lese og forstå tekstar innan ulike sjangrar, med hovudvekt på vitskaplege tekstar og sakprosa.
  • har opparbeidd praktiske ferdigheiter i å utforme akademiske tekstar gjennom arbeidet med heimeessayet og førebuinga til skuleessayet.
  • har øvd opp ferdigheiter i å omsetje forholdsvis avanserte tekstar til og frå russisk.

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvida sitt generelle aktive og passive russiske ordforråd og tileigna seg eit meir fagspesifikt akademisk vokabular.
  • har god innsikt teori og praksis knytt til omsetjing til og frå russisk.
  • har fått god trening i å lese og utforme akademiske tekstar og er godt budd på å skrive ei masteroppgåve innan russiskfaget.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav
Tilrådde forkunnskapar
Emnet føreset gode russiskkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB. Studentar på andre masterprogram med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandspråk om å få melde seg til emnet.
Arbeids- og undervisningsformer

Normalt tjue dobbelttimar med kursbasert essayskriving og omsetjingsøvingar. Undervisninga omfattar skriftleg omsetjing til og frå russisk, teoretisk og praktisk oppøving i essayskriving på russisk og tekstarbeid.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk innlevering av 70% av omsetjingane, 7 av totalt 10, og av disposisjon og førsteutkast til heimeoppgåva (essayet).

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Vurderingsforma er ei mappe som inneheld eit essay på russisk på om lag 2000 ord og ein skriftleg skoleeksamen på 6 timer. Essayet er ei heimeoppgåve som skal leverast til fastsett frist. På den første delen av skoleeksamen skal studentane omsetje ein tekst på om lag 300 ord frå norsk/engelsk til russisk. På den andre delen av skoleeksamen skal dei skrive eit essay på russisk på om lag 500 ord. På begge delane kan ein nytte russisk-russisk ordbok. Alle delane av mappa må vere greidd i undervisningssemesteret. Mappa får ein samla karakter.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen blir arrangert berre i undervisningssemesteret.
Litteraturliste

Studentane skal lese eit fellespensum à ca 3-400 sider med variert sakprosa og eit særpensum à ca. 100 sider. Særpensumet blir sett saman av studentane i samråd med faglærar og dannar grunnlaget for heimeessayet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

1) Under arbeidet med heimeessayet kan ein nytte alle hjelpemiddel.

2) På skoleeksamen: ei russisk-russisk ordbok.

Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for russisk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.