Hjem
Forsknings- og innovasjonsavdelingen
Nyhet

Ladar opp til miljøvennleg energi

I januar kjem det ei stor utlysing for forskingssenter for miljøvennleg energi. Fleire UiB-miljø er interessertei å søkje.

Møte i Cafe Christie
Energidirektør Kristin Gulbrandsen Frøysa ved UiB ser fram til ein ny søknadsrunde for forskingssenter for miljøvennleg energi.
Foto/ill.:
Dag Hellesund

Hovedinnhold

Det er stor merksemd rundt energi og energiomstilling, og allereie i januar blir det ei ny utlysing for forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Dette er langvarige forskingssenter med både grunnforsking og innovasjon. 

- Ein kan rekne med å få eit slikt senter for åtte år, og det gir ein heilt anna ro, og høve til å dyrke det langsiktige, seier energidirektør Kristin Gulbrandsen Frøysa. 

Den kommande utlysinga vil òg vere opnare enn dei tidlegare, der ein ofte har tenkt teknologisk innovasjon for seg. 

- No er det fokus på å kombinere teknologi med juss, humaniora og samfunnsvitskap for å løyse utfordringane innan fornybar energi og energiomstilling, seier Frøysa. 

Forskingssentra må ha ein tett dialog med brukarpartnerar til dømes i næringslivet. 

- Det må vere ein balanse mellom langsiktige forskingsspørsmål og å svare på kortsiktige brukarutfordringar, seier Frøysa. 

Det er òg viktig at sentra har vidare ambisjonar om å søkje EU-middel, der energi òg er svært viktig for tida.