Erasmus+ tilsettmobilitet
Alle tilsette ved Universitetet i Bergen kan søke om stipend til utveksling til ein organisasjon, bedrift eller universitet/høgskule i Europa gjennom Erasmus+.
Hovedinnhold
Opplæringsinnhaldet skal vera prega av aktiv deltaking. Føremålet er overføring av kunnskap, deling av god praksis, tileigning av praktiske kunnskapar og få nye idear til undervisning og læring – som videre kan delast internt ved heimeinstitusjonen. Eit overordna mål er og å styrke internasjonaliseringsstrategien til institusjonen.
Erasmus tilsettopphald er ei ordning som gjer det mogeleg for alle tilsette på UiBå delta i internasjonaliseringa på institusjonen. Den gjeld i EU-landa, i tillegg til Island, Liechtenstein, Nord-Makededonia, Serbia og Tyrkia.
Opplæringsaktivitetar i tilsettmobilitet
Konferansar og anna type arrangement som berre er dedikert til ei bestemd fagleg disiplin, kvalifiserer ikkje som opplæringsopphald. Vitskaplege konferansar, symposium eller akademiske/vitskaplege kurs er ikkje godkjende aktivitetar.
Aktivitetar som kan inngå i eit opplæringsopphald (lista er ikkje uttømmande):
• Jobbskygging og observasjon
• Workshop
• Seminar og konferansar med aktiv deltaking
• Staff training weeks
Døme på Erasmus+ tilsettmobilitet:
- Opplæring i bedrift eller på eit universitet for laboratorietrening, språkkurs eller praksisplass.
- Mange universitet tilbyr Staff training Weeks. IMOTION har informasjon om ein del, eller ta kontakt med institusjonen direkte.
Avtalar
UiB har inga portefølje av avtalar for tilsettutveksling, og den tilsette må sjølv organisere eit utvekslingsopphald og eit opplegg i ein bedrift, organisasjon eller universitet.
Tilsettutveksling kan gjennomførast ved eit av UiB sine avtaleuniversitet eller ein organisasjon/insititusjon som tilbyr relevant opplæring. Reise til ein utdanningsinstitusjon UiB ikkje har avtale med, krev god grunngjeving for å få støtte.
Søknad om tilsettopphald ved universiteta som er med i universitetsalliansen CHARM-EU vil bli prioriterte.
Formelle krav
Opphaldet må vare i minimum to dagar utanom reise, og maksimum to månader. UiB gjev vanlegvis ikkje støtte for meir enn ei arbeidsveke (5 dagar) sjølv om opphaldet er lengre.
Den tilsette skriv søknad som må vera godkjent av næraste leiar før det vert sendt inn. Slik vert leiar informert om reiseplanen og at det kan vera kostnader utover det Erasmus+ stipendet dekker.
Søknaden skal sendast i Elements, frå institutt/avdeling til Studieadministrativ avdeling. For studieåret 25/26 skal søknaden leggast inn på saksnummer 2025/14971.
Søknaden kan gjerne vere utvekslingsvtala (Mobility Agreement), fylt ut og signert av både den tilsette, sender- og mottakarinstitusjon. Det er eit krav at denne avtala med hovudmål og venta resultat av opphaldet, samt eit program for mobilitetsperioden, ligg føre før tilsettutvekslinga startar.
- Grunna stor konkurranse om midlane, vil du ikkje få støtte dersom du har fått tildelt Erasmus+ stipend hausten-23 eller seinare.
- Søknader frå grupper vert ikkje lengre handsama - dette er eit individuelt stipend.
- Det vert ikkje gitt støtte til fleire enn to personar på same aktivitet.
Søknadsfrist
Det er to søknadsfristar i året ved Universitetet i Bergen: 15. september og 1. februar.
Det er inga søknadshandsaming utover desse to fristane så det er viktig å søke innan fristen.
Erasmusstipendet
Stipendet vert tildelt etter satsar for opphald og reise etter kva land i Europa du reiser til:
Vertsland og sats for opphald
- Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxemburg, Sverige: 130 € per dag
- Austerrike, Belgia, Frankrike, Hellas, Italia, Kypros, Malta, Nederland, Portugal, Spania og Tyskland: 115 € per dag
- Bulgaria, Kroatia, Estland, Latvia, Litauen, Nord-Makedonia, Polen, Romania, Serbia, Slovakia, Slovenia, Tyrkia, Tsjekkia og Ungarn: 100 € per dag
Reisesatsar
Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 211 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 309 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 395 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 580 € per deltakar
Reiseavstand mellom 4000 og 7999 km: 1188 € per deltakar
8000 km eller lenger: 1735 € per deltakar
Europakommisjonen sin reisekalkulator skal nyttast for å finne reiseavstand: http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/tools/distance_en.htm
Grøn reise Erasmus
Erasmusprogrammet har ønskje om å gjere mobiliteten innan programmet så klimanøytral som mogleg. Dette er også i tråd med UiB sin reisepolitikk. Derfor er det eigne reisesatsar for dei som vil reise meir klimanøytralt (tog, buss eller elbil), og ein kan få støtte til ekstra reisedagar.
Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 285 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 417 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 535 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 785 € per deltakar
Stadfesting og rapport etter opphaldet
For at det skal kunne betalast ut Erasmus-midlar til eininga etter ei tilsettutveksling, må følgjande dokumentasjon ligge føre:
- Signert utvekslingsavtale (Mobility agreement)
- Stadfesting på tilsettmobilitet
- Signert stipendavtale (Grant agreement) vert sendt til deg får støtte.
- Rapport
Rapporten skal leverast via ei lenke som blir sendt frå EU-kommisjonen til e-postadressa di, etter endt utveksling.
Reiserekning skal leverast på vanleg måte til ditt institutt/avdeling.
