Hjem
Institutt for geovitenskap

Nordisk Seismologi Seminar

Det 44. Nordiske Seismologi Seminar vart i år halde 16-18 september 2013, på Panorama konferansehotel i Sund kommune utanfor Bergen.

Hovedinnhold

Seminaret dekkjer eit vidt spekter av tema knytt til jordskjelvseismologi utført i dei nordiske landa og inkluderar

  • Deteksjonsseismologi og CTBT  (Comprehensive Nuclear-Test-Ban Treaty)
  • Seismiske nettverk og instrument
  • Metodar i dataanalyse
  • Seismisk risikoanalyse og jordskjelvteknikk
  • Studiar av jordas skorpe og øvre mantel
  • Jordskjelv, vulkanar og seismotektonikk

 

Nordisk Seismologi Seminar vart oppretta for å betre samarbeidet mellom universitet og forskningsinstitusjonar i dei nordiske landa, men har dei siste åra og femna dei Baltiske statane, Storbritannia og andre interesserte. Dei 5 nordiske landa er etter tur vertar for seminaret og i år vart det arrangert av Jordskjelvstasjonen ved Institutt for Geovitenskap.

På seminaret i år deltok nærare 40 personar der dei tøffaste deltok på båttur i sterk vind. Dei fekk oppleva norsk kystlandskap, sjøsprøyt, mating av havørn og makrellfiske. Nokre fiska for fyrste gong og alle fekk servert eigenfiska makrell kokt ombord.