Hjem
Institutt for geovitenskap

Hvorfor forskningstermin ved NOCS?

Våre fast vitenskapelige drar regelmessig på forskningstermin. Hvor drar de, og hvorfor?

Hovedinnhold

Her gir førsteamanuensis ved Institutt for geovitenskap, UiB, Berit Hjelstuen svar på hvorfor hun, i sin forskningtermin, har dratt til National Oceanographic Centre Southampton - NOCS:

Kvifor NOCS ?

NOCS er ein av dei største, og ein av dei leiande, intitusjonane innan marin forskning i Europa. Det var difor naturleg å søke seg hit i samband med ein forskningstermin. Sjølv om GEO har hatt/har samarbeide med NOCS gjennom ulike forskningsprosjekt, slik som ENAM og COSTA, kjende eg eigentleg lite til NOCS før eg kom hit på forskningsopphald.

Eg kom til NOCS i byrjinga av august og skal vere her ut året. På nyåret fortsett eg forskningsterminen ved GEOMAR i Kiel, der eg skal vere fram til sommaren.

Forskning ved NOCS

Om lag 550 personar er ansatt ved NOCS. Eg er tilknytta forskningsgruppa for «Marine Geoscience» som vert leia av Dr Russel Wynn. Gruppa består av rundt 20 forskarar, i tillegg til PhD- og masterstudentar. Gruppa har forskningsfokus mot habitatkartlegging, modellering av undersjøiske skred, gasshydratar og marin geokjemi. Forskningsgruppa henter inn mykje av dataene sine sjølve ved forskningstokt med blant anna forskningsfartøyet ”James Cook”. Gruppa har også tilgang til ein imponerande utstyrspark, beståande av AUV-ar, ROV-ar, RUV-ar og ulike sedimentprøvetakarar.

NOCS har eit nært samarbeide med Universitetet i Southampton (US) og ein god del av kursundervisning foregår her ved senteret. Haustsemesteret her borte tek til seinare enn heime og det var fyst i byrjinga av oktober at studentane kom attende. No er det imidlertid full aktivitet på dei ulike undervisningslaboratoriane her.

Erfaringar så langt

Eg trives veldig godt både ved NOCS og i Southampton. Det er svært nyttig å sitte i eit anna fagmiljø over ein lengre periode og få nye impulsar, kanskje litt nye idear og å snakke med forskarar som har andre innfallsvinklar til dei samme faglege problemstillingar som ein sjølv arbeider med. Forskningsterminen gir elles moglegheit for samanhangande tid til å kunne jobbe med publikasjonar og til å lese seg opp på faglege problemstillingar.

Southampton by

Southampton er på storleik med Bergen i folketal og NOCS held til i lokalar ved havneområdet her, med fin utsikt utover sjøen. Kollektivtilbodet er langt betre enn heime og det er difor lett å ta seg rundt. Berre ein times tur ut frå Southampton kan ein gå fotturer langs kysten, besøke dei romerske badene i Bath eller studere geologien på Isle of Wight.

Erasmus utveksling

Tilslutt, GEO har ein ERASMUS avtale med NOCS-US og i vårsemesteret var ein av GEO sine studentar på utveksling her . Til våren vil heile 5 studentar reise over hit på ERASMUS-opphald. Eg kan berre anbefale studentar, som tenker på å ta eit utanlandsopphald i sine studiar, om å velge Southampton. I slutten av november vil og studiekonsulent Heidi komme på besøk hit for å prøve verve studentar herifrå til opphald ved GEO.