Hjem
Institutt for geografi
Artikkel

Ekstrem klimatisk ustabilitet tok knekken på istidene

Ei gruppe forskarar ved Bjerknessenteret for klimaforsking og Universitet i Bergen utfordrar rådande kunnskap på området når dei påvisar at klimaet på slutten av istida var svært ustabilt.

Jostein Bakke
Jostein Bakke
Foto/ill.:
Jostein Bakke

Hovedinnhold

Ei gruppe forskarar ved Bjerknessenteret for klimaforsking og Universitet i Bergen utfordrar rådande kunnskap på området når dei påvisar at klimaet på slutten av istida var svært ustabilt. I løpet av berre ti år forverra klimaet seg med liknande tilhøve som under maksimum av siste istid, før klimaet like brått vart betre og gjekk inn i den noverande mellomistida. Aldri før har dei klimatiske mekanismane som er kartlagt i dette arbeidet vorte skildra i slik detalj. Ved å kople data frå land og hav har forskerteamet lykkast i å rekonstruere klimaet kring Nord-Atlanteren, år for år, mot slutten av siste istid.Denne perioden omtalas som Yngre Dryas og varte i omlag 1200 år (12900-11700 år før notid).

- Storskala endringar i hav- og atmosfæresirkulasjon må til for å forklare perioden med ekstrem ustabilitet som leda fram mot avslutninga av siste istid, fortel førsteforfatter Jostein Bakke ved Institutt for geografi/Bjerknessenteret.
Forskerteamet konkluderar med at den fyrste delen av Yngre Dryas hadde eit relativt stabilt, tørt og kaldt klima langs norskekysten, medan dei siste 400 åra av istida var dominert av ekstremt raske endringar i temperatur og nedbør. Desse raske endringane langs vestkysten av Noreg skuldast at vestavindsbeltet veksla frå ei sørleg bane til ei bane meir lik dagens. Endringane i vindfelt saman med endringar i innstrøyming av atlantisk vatn til dei Nordiske hav førte til eit svært variabelt sjøisdekke assosiert med sporadiske temperaturvekslingar på opp til 7 gradar. I dei periodane sjøisdekket slapp taket kunne varmeutvekslinga mellom hav og atmosfære skje nærast som i dag, medan ein i periodar gjenoppretta eit kontinuerleg sjøisdekke som hindra varmeutveksling og ein returnerte til eit istidsklima.
Forskarane er overraska over dei raske skifta, som førte til at klimaet endra seg mykje og mange gonger over kort tid, noko som set dagens moteord ”ekstremvær” i skuggen. Likevel, kan vi ikkje sjå bort ifrå at dei siste årane har vore prega av mange ekstreme værhendingar verden over. Nyleg opplevde Russland ekstremkulde med minus femti grader, samtidig som 45 plussgrader tok kvelartak på Australia. Den storstilte tilbaketrekkinga av isdekket i Arktis dei siste somrane var det ingen som kunne forutsjå for få år tilbake.
- I lys av funna i denne studien er det ikkje utenkelig at vi er inne i ein fase med stor ustabilitet i klimasystemet, som kan enda i et nytt klimamodus, seier Bakke. Han peikar på at endringar i vestavindsbelte og Golfstrøymen vil kunne føra til eit heilt anna klima i Nord-Europa.
Kanskje den viktigaste innsikta er at klimasystemet ikkje oppførar seg lineært i forhold til klimapådriv. Medan klimamodellane foruset at klimasystemet responderar lineært til endringar i til dømes drivhusgassar visar Nature artikkelen tydeleg at responsen kan være vilkårlig og komme brått på oss. Dette gjer det enda vanskeligare å predikera framtidsklimaet.
Artikkelen det refereres til:
Jostein Bakke, Øyvind Lie, Trond Dokken, Einar Heegaard, Gerald Haug, Hilary Birks, Peter Dulski og Trygve Nilsen (2009): Rapid atmospheric and oceanic changes during the Younger Dryas, Letter to Nature Geoscience, DOI: 10.1038/NGEO439.
Kontaktperson:
1. Amanuensis Jostein Bakke, Institutt for geografi/Bjerknessenteret for klimaforskning, e-post: Jostein.Bakke@geog.uib.no, tel: 55583064/99273343