Hjem
Institutt for politikk og forvaltning
Nyhet

Ny bok tek opp kven som formar samfunnsfaget i skulen

Samfunnsfaget i skulen er prega av både fagleg og politisk strid. Kva skal elevane lære, og kven bestemmer det? Dette er kjernen i den nye boka Kampen om samfunnsfaget, som vert lansert 17.oktober.

Hovedinnhold

Bak boka står Kjetil Børhaug frå instituttet, som har vore bidragsytar samt ein av redaktørane i denne boka, saman med Kim Helsvig frå Storbyuniversitetet. Dei samanfattar her forskingsbasert kunnskap om kven og kva som påverkar utviklinga av samfunnsfaget. Alt frå tradisjonelle styringssystem til den enkelte lærar får merksemd, og boka presenterer nye analysar av fag og makt. 

Lanseringa av boka er ei god anledning til å løfte debatten om korleis skulen møter samfunnsutfordringar, og kven som får definere det kunnskapsgrunnlaget unge menneske møter.