Hjem
Institutt for politikk og forvaltning
Publisering av ny bok

Intervju med Johan P Olsen

Johan P Olsen har nyleg publisert ei bok, og i den anledning har instituttet intervjua han. Som tidlegare forskar ved instituttet har han vore ein viktig del av fagmiljøet i mange år.

Hovedinnhold

«Kva var inspirasjonen bak denne boka?»

Denne boka var eit forsøk på å forstå kva det er eg har holdt på med i min lange karriere. Eg var 24 år i Bergen, og dette var viktige år i min karriere. Eg var ein av dei som følgde Knut Dahl Jacobsen og tok del i arbeidet med etableringa av instituttet og feltet «Offentleg administrasjon og organisasjonsvitskap». Boka er eit forsøk på å kombinere demokratiteori og organisasjonsteori. Den skil mellom styring innan ein etablert politisk orden og styring når denne ordenen blir utfordra, og to grunnelement er garbage can og ny-institusjonalismen. Boka seier at begge desse tinga førekjem, og at ein no går over frå ein periode som har vore relativt stabil. Eit demokratisk styresett skal gjere to ting som er forskjellige; ein skal sikre ein form for orden, samstundes som ein opnar opp for å utfordre denne etablerte ordnen. Noko av det viktigaste som skjer no er at du går frå periodar som har vore stabile, og periodar der mange ting er i bevegelse.

Difor seier eg til slutt at det er ikkje nok i dag å forsvare det som er; Europa er i ein situasjon der grunntrekka med ein demokratisk orden må utforskast. Viss vi skal vidareutvikle oss må vi vere i stand til å tenke nytt.

Kort oppsummert var bakgrunnen for denne boka kva i all verden det er eg har holdt på med i 60 år, og kva det var vi prøvde å oppnå med arbeidet i Bergen.

«Har vi som studerer politikk eit ansvar når det kjem debatten kring demokrati?»

Det er klart vi lyt vere med, universitetet har eit mandat. Vi har ei plikt på å skape eit så godt teori- og datagrunnlag som mogleg; også når det kjem til grunnomgrepa som vert nytta, og lært hjå universiteta. Når ting forandrar seg, så ser ein også ofte at sjølve omgrepa endrar seg. Då er det viktig at ein er med.

«Korleis kan vi påverke eller bidra i denne debatten?»

Det er spesielt ein måte eg tykkjer er viktig. Mange tenker mykje på at vi skal delta i offentleg debatt. Men ein av dei viktigaste måtane vi kan bidra i denne debatten er jo gjennom studentane våre! Vi lærer opp ein ny generasjon. Det er viktig å ikkje undervurdere denne. Det er klart det må vere ein god analytisk basis, men ein lærer også mykje om etikk og normer gjennom studiet. Eit hovudpoeng er at eit demokrati krev både institusjonar som opnar opp for deltaking, samstundes som det ikkje kan overleve utan institusjonar som krev deltaking. Det må vere menneske der som deltek og har ansvar. Eg trur det må skapast eit noko meir realistisk bilete på kva folk flest er villig til, men også kapabel til å gjere.

«Må vi studere demokrati på ein annan måte?»

Gjennom historia har ein sett fleire gonger at demokratiet er i ei krise. Dette er ikkje eit nytt fenomen. Samstundes er kritikk ein veldig viktig drivkraft i eit demokrati. Vi kan ikkje berre stagnere og seie at alt er bra og at vi har det godt. Historisk sett har det vore eit skifte. Menneska er ikkje født demokratar. Då må vi leite og prøve å finne legitime forklaringar på kvifor og kvar vi vart demokratiske. Det vert ein del grunnleggande prosessar vi må prøve å få fram, som også kan seie noko grunnleggande om korleis vi strukturerer kvardagen vår.

Vi lyt jobbe mot det å kunne legitimere at vi ikkje kan vere ueinige eller einige om alt. I EU så nyttar ein «unity in diversity». Altså, korleis vi kan få  til eit fellesskap samstundes som vi er forskjellige.

«Det vert nemnt at den store utfordringa ikkje er å fjerne alle konfliktane, men heller det å akseptere skilnader og det å finne kompromiss. Trendane viser at samfunnet i dag vert stadig meir polarisert i haldningane, og at samfunnet vert meir og meir splitta. Kan dette også føre til at det å finne, men også godta kompromiss og aksept, vert ein av dei større og meir framvoksande utfordringane vi møter på framover?»

Slik har det vore lenge. Det er mange ting der det ikkje finst gode løysingar på. Det er alltid nokon som vil vere misfornøgd, og då er det viktig å finne ut korleis vi skal organisere desse konfliktane for å gjere dei konstruktive og ikkje destruktive. Det er viktig å finne ein balanse, der det verken er for mykje eller for lite. Finne ein middelveg der ein får kjensla av at vi kan leve med det, og føle at vi vert tatt omsyn til likevel, sjølv om vi i utgangspunktet ikkje er einig. I boka stiller eg spørsmålet «kva er det du må prøve å finne felles reglar for, når er det greit at vi er ueinige og når går den raude streken?».

Når det er mykje konflikt på eitt område, så får det mykje merksemd. Alle auge rettast mot det, samstundes som det er veldig mange vedtak og politikk som vert vedtatt utan noko merksemd.

«Har du nokre råd til noverande og framtidige studentar?»

Det er særleg ein ting eg ynskjer å trekke fram. Det finst tonnevis med bøker som seier noko om korleis ein skal svare på spørsmål, men det er få som seier noko om korleis ein skal stille dei. Den aller viktigaste fasen, er kanskje når ein formulerer spørsmåla eller problemstillinga ein ynskjer å finne svaret på. Det å verkeleg jobbe med spørsmåla ein stiller, og få fram kvifor det er viktig å stille dette spørsmålet. Her er det også sjølvsagt viktig at ein har andre rundt seg som kan hjelpe til med teoretiske og metodiske val. Men det er ein utruleg viktig fase å formulere spørsmåla vi stiller.

Ein av dei store gevinstane med bergensmiljøet for meg var den fantastiske gjengen med gode folk eg fekk jobbe med. Ein jobba godt saman, hadde gode diskusjonar og gav kvarandre mykje god hjelp. Fleire av mine tidlegare studentar har fortalt meg – dette hugsar ikkje eg sjølv – men at eg pleide å seie at suksess er 10% intellekt, 10% flaks og 80% hardt arbeid. Finn deg eit spennande tema, eller ei spennande oppgåve som du verkeleg ønsker å jobbe med.