Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Nyhet

Nytt leiarskap på instituttet

I juni 2025 blei Bjørnar Tessem vald som ny leiar for Institutt for informasjons- og medievitskap. Lars Nyre blir nestleiar.

Bjørnar Tessem og Lars Nyre
Bjørnar og Lars er godt synkronisert etter meir enn femten år med tverrfagleg samarbeid. Dei planlegg å driva instituttet på ein munter måte, med ein sunn dose ironi når det trengst.
Foto/ill.:
Kurt George Gjerde

Hovedinnhold

– Takk for tilliten, seier Bjørnar.– Det blir både interessant og krevjande å gjere denne jobben i fire år. Kunnskapen som instituttet vårt forvaltar er ekstremt viktig for samfunnet utanfor universitetet, og me må alle gjere vårt beste for å få den til å bli nyttig.

Den nye leiinga tek over etter Marija Slavkovik som har styrt instituttet i fire år. Bjørnar og Lars starta 1. august.

– Marija styrte instituttet på ein framifrå måte, og dette gjer det enkelt for oss å ta over, seier Bjørnar.

Stort institutt

Infomedia-avdelinga har over 100 tilsette og eit firesifra tal på studentar. Det er det største instituttet ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet og tilbyr mange ulike studieprogram i fleire bygningar rundt campus.

– Vi er opptekne av at instituttet skal vere veldrive og ha eit godt omdømme hos kollegaene våre ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen generelt og samfunnet rundt oss, seier Bjørnar.

– Vi to vil gjere vår del for å styra instituttet gjennom økonomisk krevjande tider, og bidra til at det akademiske miljøet vårt utviklar seg i takt med verda rundt oss. Og instituttet har svært kompetente administrative medarbeidarar som vil hjelpe oss.

Samfunnsrelevans

Sjølv om aktivitetane til Infomedia-instituttet er svært relevante for samfunnet, er det kanskje ikkje slik at tilsette, studentar og samfunnet ser dette så tydeleg som dei kunne. Derfor vil den nye leiinga styrke kommunikasjonen av samfunnsrelevansen til instituttet og i tillegg setja i verk nye tiltak.

God intern kommunikasjon mellom tilsette og studentar er avgjerande i dette sambandet. Leiinga er oppteken av å sikre at alle ved instituttet får informasjon om viktige saker.

– Vi har mange nasjonalitetar og språkkulturar i staben vår. Det er viktig å skape ei kjensle av fellesskap slik at me kan trekkje lasset saman, seier Bjørnar.

– Vi vil sørge for at nettsida vår, personalmøte og andre arrangement i miljøet vårt blir organiserte slik at alle er inkludert. Dette gjeld våre vitskaplege tilsette, administrativt tilsette, doktorgradskandidatar, industrilærarar og ikkje minst studentane våre, seier Lars.

Pragmatisk leiing

Eit så stort institutt som Infomedia har eit høgt aktivitetsnivå innan dei fire områda eit moderne universitet har ansvar for: nemleg forsking, undervisning, formidling og innovasjon. Strategien til den nye leiinga er å gi balansert støtte til dei fire aktivitetane gjennom måten instituttet blir drive på.

Bjørnar forklarer at han ikkje vil ha sterke meiningar om kva for eit fagleg fokus individuelle forskarar bør ha, eller korleis lærarar organiserer lærings- og vurderingsaktivitetar, men vil ta avgjerder basert på kva han ser som nyttig for instituttet.

– Vi vil likevel ha meiningar om korleis aktivitetane best kan administrerast og fremjast. Vi vil prioritere ressursbruken basert på ei vurdering av både fagleg fokus, breidd og kvalitet, seier Bjørnar.