Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Arbeidsliv

Utdanning frå Infomedia gir deg gode muligheiter i arbeidslivet

Den årlege undersøkinga av kva studentar meiner om studiet sitt, det såkalte Studiebarometeret, kan fyllast ut i perioden frå 21.oktober til 12. november. Vi vil at studentane våre skal fylle ut skjemaet etter å ha fått saklig og positiv informasjon om verdien av ei utdanning på Infomedia.

Studentar er samla rundt eit bord og ser på ei teknisk løysing.
Ein jury med folk frå design- og informasjonsbransjen vurderer studentars prototypar under MIX innovasjonsdagen i mai 2025.
Foto/ill.:
Zulfikar Fahmy

Hovedinnhold

Studiebarometeret skal fyllast ut av andreårsstudenter på bachelor såvel som andreårsstudenter på master, og vi introduserer no eit opplegg som vender seg direkte til dei.

To informasjonsmøte

Vi organiserer to informasjonsmøte i byrjinga av november, og der skal studentane få informasjon om dei viktigaste karrieremogelegheitane sine, pluss gratis pizza og brus. 🍕🍕🍕 Vi får besøk av tidlegare studentar som formidlar positive forteljingar frå sine perspektiv.

Det eine møtet er for studentane på MEVI, JOU, TVP og MAN, og blir halde måndag 3. november i Vesletinget. Klikk her for å sjå programmet og melda deg på.

Det andre møtet er for studentane på INFO, AIKI, KOGVIT og MIX og blir halde tirsdag 4. november i Storetinget. Klikk her for å sjå programmet og melda deg på.

Dette er eit nytt tiltak som vi prøver ut i år, og som vi håpar å gjere til ein tradisjon.

Kva er Studiebarometeret?

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir sendt ut til over 70 000 studentar kvar haust. Undersøkinga spør kva studentane meiner om kvaliteten på studieprogrammet sitt. 

På Studiebarometeret.no kan du finne studentane sine vurderingar og  samanlikne resultat mellom ulike studieprogram. Du kan også sjå utvikling over tid for eit gitt studieprogram.

Vi har laga eit søk på dei sju utdanningane ved vårt institutt. Klikk her for å sjå korleis vi blir vurdert av studentane våre. Vi synest vi fortener betre score på sentrale kategoriar, og det er litt av bakgrunnen for dette tiltaket. 

Infomedia er retta mot samfunnet

Infomedia er blant dei institutta ved Universitetet i Bergen som har størst aktivitet utover mot samfunnet rundt oss. Vi sender våre kandidatar til databransjen, mediebransjen, designbransjen, stat og kommune og meir til.

Utdanningane i INFO, MEVI, AIKI og KOGVIT gir ein analytisk kompetanse. Dei fostrar ei djupforståing som du kan bruka gjennom heile karrieren.

Utdanningane i JOU, TVP og MIX er retta meir direkte mot ferdigheiter som trengst i yrkeslivet. Studentane er svært attraktive i redaksjonelle medier, mediebransjen og designbransjen.

Vi vil at studentane våre skal vite om dette, og ta det med i vurderinga når dei tenkjer på framtida si i arbeidslivet.

Dei fleste unge vaksne i 20-åra skal delta i arbeidslivet i femti år. Det er lenge, og difor er det viktig å forstå mogelegheitane både på kort og lang sikt. 

Varierte mogelegheiter

Kompetansen ei utdanning frå Infomedia gir, kan brukast både på kort og lang sikt. Det går an å gå ut i jobb rett etter bachelor eller satse på ei fordjuping på masternivå. 

Kompetansen kan brukast i private og offentlege jobbar. 

Det går også an å vurdere ei karriere i unniversitetssektoren, enten ei forskarkarriere der du byrjar som PhD-stipendiat, eller ei administrativ karriere innan IT, kommunikasjon og andre sentrale tenester.